Hopp til innhold

Intelligente trafikklys ser om du skal krysse gata

Norske forskarar har utvikla trafikklyset som held lyset grønt heilt til du er over gata.

Grøn mann

Intelligente trafikklys kan tilpasse tida på lyset etter kven fotgjengaren er.

Foto: Colourbox

NTNU-forskarar og Statens vegvesen samarbeider om utviklinga av eit intelligent trafikklys. Lyset skal bli testa i trafikken i løpet av hausten 2012.

Dette skriv forskingsmagasinet Gemini i sitt siste nummer.

– Gamle fru Jørgensen med rullator har behov for lengre grønt lys enn ein frisk joggar. Intelligente trafikklys vil sørgje for at fru Jørgensen har grønt lys heilt til ho har komme seg over, seier forskar i kunstig intelligens, Anders Kofoed-Petersen ved NTNU.

Utstyrt med 3D-kamera

Det intelligente trafikklyset er utstyrt med eit 3D- kamera med to auge som kan bedømme avstand til fotgjengarane.

Kameraet lagar 3D-modellar av personane som gjer det mogleg å måle skuldervinklar, synsretning, hoftevinkel og også kor raskt fotgjengarane beveger seg.

– Denne samla informasjonen blir nytta til å berekne kva vedkommande har tenkt å gjere, seier Kofod-Petersen.

Trafikklyset bryr seg ikkje om du stoppar for å leite etter mobilen din eller om du snur deg og helsar på ein kjenning, det vil sjå og berekne det som er relevant for hovudhandlinga, nemleg om du skal gå over vegen eller ikkje.

Intelligent trafikklys

Trafikklyset lagar 3D-modellar av fotgjengarane som det nyttar til å berekne kva personane skal gjere.

Foto: Kai T. Dragland, NTNU.

Meir miljøvenleg

Trafikklyset vil kunne tilpasse tida på lyset etter kor mange personar det er snakk om, og etter om fotgjengarane er vaksne, syklistar, barn, rørslehemma eller eldre.

I tillegg vil det intelligente lyset også medverke til meir miljøvenleg trafikk.

– Når vi veit kva for hensikt fotgjengarane har, kan vi planleggje meir effektive lyssignal i trafikken. Det er for eksempel ingen grunn til at lyset skal skifte viss det ikkje er fotgjengarar der. Slik vil også trafikkflyten bli både meir effektiv og meir miljøvenleg, seier Anders Kofod-Petersen.

– Jo mindre bilane må stanse og køyre vidare, jo mindre utslepp av CO2 og NOx, seier han.

Idé frå Star Trek

Star trek gav forskarane ideen til det som var forløparen til det intelligente trafikklyset, ei intelligent dør.

I Star Trek møtest to offiserar på romskipet Enterprise utanfor ei automatisk skyvedør og blir ståande og snakke saman. Døra opnar seg først når samtalen er over og den eine skal gå gjennom døra.

På liknande vis kan døra som NTNU-forskarane har utvikla avgjere om eit menneske har tenkt seg gjennom døra eller ikkje.

Slike intelligente dører kan spare butikkar og bedrifter mykje varme og energi ved at døra ikkje går opp og igjen kvar gong nokre er i nærleiken.

– Vår intelligente dør handterer opptil 15 personar på ein gong. Vi har testa og simulert med mange ulike situasjonar og personar, så vi veit at dette fungerer, seier Kofod-Petersen.

Intelligent trafikklys

Forskar Anders Kofod-Petersen med det intelligente trafikklyset.

Foto: Kai T. Dragland, NTNU

Blir testa i Trondheim

Det intelligente trafikklyset nyttar mykje av den same teknologien som den intelligente døra, men går nokre steg vidare i intelligens då det skal utføre meir utfordrande oppgåver.

Kofod-Petersen og hans forskargruppe håper no at smarte trafikklys kan bli tekne i bruk i trafikken om kort tid.

Og i første omgang blir det eit gangfelt i Trondheim som skal få intelligent trafikkhjelp i løpet av hausten 2012.