Hopp til innhold

Soldrive fly på veg til Marokko i første interkontinentale flight

Flyet «Solar Impulse» skal fly frå Sveits til Marokko utan å nytte ein drope drivstoff. Følg flyturen direkte her.

Solar Impulse over Sveits

Flyet Solar Impulse flyr på solkraft med hjelp av 12 000 solceller.

Foto: © Solar Impulse | Jean Revillard

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Etter ei forseinking på grunn av tåke torsdag morgon, tok flyet «Solar impulse» av frå flyplassen i Sveits i sitt første forsøk på å utføre ein interkontinentale flight.

Pilot Andre Borscberg førte flyet i lufta på den første etappen til Madrid i Spania der flyet landa natt til fredag klokka 1.26.

Nøyaktig takeoff for neste etappe, Madrid-Marokko, er ikkje offentleggjort, men ifølgje ei pressemelding skal flyet etter nokre dagar på Madrids flyplass, Barajas, krysse Gibraltarstredet og lande i Rabat om kvelden.

– Vi er svært godt førebudd, sa pilot Borchberg frå cockpiten i solflyet.

Følg flyturen live her (sendinga vil starte ved takeoff frå Madrid) :

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kryssa Pyreneane

Solcelleflyet Solar impulse gjorde historie i juli 2010 då det vart det første flyet som klarte å fly døgnet rundt på solas energi.

Flyet har også bevist at det kan utføre internasjonale flyturar, noko som vart demonstrert i ein flight frå Payerne til Brussel i Belgia i 2011.

Den gongen sa pilot Borschberg dette om målsetninga for Solar Impulse:

– Vi vil vise kva som er mogleg å gjere med eksisterande teknologi. Det er svært vanskeleg å seie om alle vil fly solcelledrivne fly i framtida, men viss vi ikkje startar i dag, vil vi ikkje ha dette i morgon, sa piloten André Borschberg via video frå flyet.

Etter ein lydlaus takeoff frå Payerne kryssa Solar Impulse seinare grensa til Frankrike ved Jura i ei høgde på om lag 3600 meter.

Flyet flaug over fjellkjeda Pyreneane i ei høgde på 8500 meter på sin veg til den spanske hovudstaden.

Solkraftverk

Dersom flyet lukkast i å nå fram til Marokko, vil dette vere den lengste turen flyet har gjort til no.

I Marokko skal flyet etter planen lande samtidig med starten på bygginga av det som vil bli verdas største solkraftverk i Ouarzazate-regionen.

Flyturen er ein del av oppkøyringa før solcelleflyets planlagde store mål, ei flyreise jorda rundt i 2014.