19.06.2013

Unikt funn av mayakalender

Avdekking av mayaveggkunst i Xultún

  • Arkeolog William Saturno frå Boston University ved veggmaleriet av personen som kan ha vore byens skrivar, og den som stod bak kalenderutrekningane.
  • Kalendarutrekningar knytt til himmellekamar som månen, sola, og kanskje også Venus og Mars er nedteikna på veggen.
  • Vestveggen viser eit bilete av tre mannlege figurar som er malt i svart. Dei tre er alle iført liknande hovudplagg pryda med ei fjør. – Vi har aldri sett hovudplagg som dette tidlegare, seier Saturno. Illustrasjonen er ein kunstnars attgiving av veggmaleriet.
  • Ein malt veggfigur er synleg gjennom døropninga i mayabustaden som er avdekt av arkeologane.
  • Parti av veggmaleri. Figuren til venstre er ein av tre menn på vestveggen som er malt i svart og med identiske drakter.
  • Veggmaleri som viser ein mann som kneler framfor kongen i husets nordvegg. Mannen har tittel Younger Brother Obsidian.

Kalenderutrekningar skribla rett på veggen er avdekt i utdøydd mayaby. – Dei gamle mayaene rekna seg til at verda ville halde fram, seier arkeolog bak funnet.

Xultún

  • Xultún er ein arkeologisk funnstad av ein betydeleg mayabusetnad der det kan ha budd titusenar menneske.
  • Busetnaden som ligg i dagens Guatamala, vart grunnlagt i dei første århundra etter Kristus.
  • Byen vart oppdaga for om lag 100 år sidan, og vart kartlagt i 1920-åra av Sylvanus Morley som gav staden namnet Xultun.
  • Xultun er den største kjende funnet frå den klassiske mayaepoken som enno gjenstår å utforske.

Maleri av mannlege figurar, og hundrevis av nedskribla tal som blant anna er kopla til mayakalendarane, er blant dei unike veggmaleria arkeologane har funne i den utdøydde mayabyen Xultún i Guatemala (sjå faktaboks).

Veggmaleria er funne i eit hus som arkeologar trur kan ha vore arbeidsplassen til byens skrivar, personen som hadde som oppgåve å nedteikne all informasjon som var viktig for maysamfunnet.

Forskarane presenterer funna sine i siste nummer av tidsskriftet Science.

Sjå ein video om funnet på National Geographics nettsider:

– Aldri sett noko liknande

– Veggen er dekka av små glyfar, strekar og prikkar som representerer kolonner av tal. Dette er noko vi til no berre har sett i Dresden Codex, som mayaene skreiv mange hundre år seinare. Vi har aldri sett noko liknande, seier David Stuart, som er professor i Mesoamerikansk kunst og skrift ved University of Texas-Austin.

– For første gong får vi sjå kva for oppteikningar som vart gjort av skrivaren, som hadde som jobb å nedteikne mayasamfunnets kollektive hukommelse, seier arkeolog William Saturno ved Boston University som har leia utgravingane.

– Det er som om dei har brukt veggen som tavle for nerdete utrekningar som i ein episode av Big Bang Theory, seier Saturno.

Kalenderutrekningar på mayavegg (Foto: William Saturno og David Stuart/National Geographic)

Fire lange tal på nordveggen i mayahuset representerer utrekningar knytt til mayakalenderen, trur arkeologane.

Foto: William Saturno og David Stuart/National Geographic

Konge i blå fjør

Huset inneheld tre intakte veggar, som kvar fortel si historie, men som også gir arkeologane nye mysterium å løyse.

Nordveggen ligg rett framfor ein når ein går inn i rommet. På denne veggen er det malt ein bilete av ein sitjande konge iført blå fjør.

Ein lang stav av bein var montert på veggen og gjorde det mogleg å dekke veggmaleriet av kongen med ei gardin, samtidig som eit anna veggmaleri vart avdekka.

Dette maleriet viser ein mann kledd i oransje, som held ein fjørpenn. Mayateikn nær andletet kallar ham «Younger Brother Obsidian» eller «Yngre bror Obsidian», ein underleg tittel som sjeldan er sett i mayatekstar.

Saturno trur dette kan vere snakk om ein son eller yngre bror av kongen, og kanskje også kunstnaren/skrivaren som budde i huset.

– Portrettet av kongen tilseier at det var eit forhold mellom den som budde i dette huset og den kongelege familien, seier Saturno.

Mayaveggkunst  (Foto: Tyrone Turner/National Geograhics/NTB/Scanpix)

Arkeolog William Saturno ved maleriet av personen med tittel Yngre bror Obsidian.

Foto: Tyrone Turner/National Geograhics/NTB/Scanpix

Tidspunkt 7000 år fram i tid

Fire lange tal på nordveggen representerer 750 000 til 2,5 millionar dagar som mest sannsynleg bringer saman alle dei astronomiske syklusane som var viktige for mayaene, syklusane til Mars, Venus og måneformørkingar.

Datoane som desse tala representerer strekkjer seg om lag 7000 år fram i tid, altså svært mykje lenger enn til 12. desember 2012.

Dette er den første funnet mayaarkeologar har gjort som synest å vise alle syklusane på denne måten.

Austveggen er ikkje like godt bevart som dei to andre veggane, men her kan ein også sjå maleri av eit menneske og skimte restar av andre menneskefigurar.

Veggen er elles dominert av tal som blant anna var knytt til månefasar.

– Det mest interessante er at vi no ser at mayaene gjorde slike utrekningar hundrevis av år før dei nedteikna dei i Dresden Codex, og at dei også nedteikna dei andre stader enn i bøker, seier professor Aveni.

– Ingen teikn til at verda skal ende

– Trass kva mange synest å tru, er det ingen teikn til at mayakalenderen, eller verda, skal ende i 2012, det er berre ein kalendersyklus som tar slutt, seier forskarane.

– Det er som kilometerteljinga på ein bil, mayakalenderen rullar berre frå 120 000 til 130 000, seier Anthony Aveni som er professor i astronomi og antropologi ved Colgate University.

– Dei gamle mayaene rekna seg til at verda ville halde fram, at 7000 år fram i tid ville alt vere nøyaktig som dette, seier William Saturno.

– Vi leiter stadig etter endepunkt, mens mayaene leita etter garantiar for at ingenting ville endre seg. Det er ein tankemåte som er heilt annleis frå vår.


Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Teknologi og data

Google-ballonger sprer internett

30 supertrykkballonger er sendt opp fra New Zealand. – Foreløpig på eksperimentstadiet, sier Google.

– Vil være ødeleggende for tilliten

Datatilsynet omtaler overvåkingsavsløringene som «svært alvorlig», men vil ikke felle dom før alle fakta er på bordet.

Helikopter styres av tankene

– Vi ser for oss at teknologien kan brukes til å kontrollere rullestoler, kunstige armer og ben, eller andre enheter, sier professor Bin He.

Nordmenns Instagram-bruk i økning

Bildetjenesten Instagram er i stadig vekst, og brukermassen i Norge er nesten doblet på et halvt år.

Verdens mest berømte brille

Den er ennå i utviklingsstadiet og de færreste har prøvd den. Likevel har flere virksomheter allerede lagt ned forbud mot Google Glass, og eksperter frykter for personvernet.

Hevder iPhone-ladere kan hackes

Forskere har laget en lader som kan overføre ondsinnet programvare til Iphone på under ett minutt. Dataekspert Gisle Hannemyr, mener det kun var et spørsmål om tid før dette ble mulig.

Målar bilete med tankekraft

Forskarar har utvikla dataprogram som gjer det mogleg å måle digitale bilete med hjernen.

Algoritme oppdager leukemi

Student fra Florida har lært datamaskiner å diagnostisere leukemi og brystkreft.

Hodebånd hjelper deg å fokusere

Bedre konsentrasjon med et bånd på hodet, sier du? Hodebåndet Melon måler hjerneaktiviteten din og hjelper deg med å fokusere bedre.

Klima og miljø

Oljeverdens Mordor

Å reise rundt i de store oljeutvinningsområdene i Sibir er som å være på vei til Mordor i Ringenes Herre. Den skyldige er Statoils nye partner i Russland.

Klimamål avheng av nytt supernett

–Og det er moglegheit for at norsk vasskraft kan gi stabilitet til det europeiske supernettet, trur Statnett.

Døde områder vokser i verdenshavet

Rundt omkring i verdenshavet er det områder med så lavt oksygeninnhold at det bare er bakterier som lever der – og de områdene vokser. Det kan bidra til den globale oppvarmingen, mener dansk forsker.

Spår at miljø vert ei taparsak

Unge er mindre opptekne av klimaspørsmål enn ved førre stortingsval. Valforskarar har liten tru på at miljø vert nokon vinnarsak i valkampen.

Obama og Xi sammen mot klimaendring

Kina og USA har utpekt hydrofluorkarboner som en felles fiende i kampen for å redde klimaet.

Fortsatt stor klimaskepsis i Frp

Ingen av Frps listetopper er enige med FNs klimapanel i at klimaendringene først og fremst er menneskeskapte. I helga skal partiet avgjøre hvor klimaskeptiske de skal være.

Astronomi og romfart

Bekrefter meteorittfunn

Steinen som ble funnet i Setesdasheiene er en meteoritt - og dermed en av de største som er funnet i Norge noensinne. – Som å vinne i Lotto, sier ekspert.

Største meteoritt siden 1902

Geolog har funnet det som høyst sannsynlig er en 4,5 kilo tung steinmeteoritt i Setesdalsheiene - i så fall den største som er funnet på over 100 år.

Ny stjernetype overraskar

– Det at denne nye typen variable stjerner faktisk eksisterer, er ei utfordring for astrofysikarar, seier forskar bak funnet.

Jordnær asteroide har måne

NASA oppdaga 600 meter brei måne i bane rundt jordnær asteroide.

Farlig stråling for Mars-astronaute

Curiosity rapporterer om massiv stråling på ferden til Den røde planet.

Slik blir meteorittar til

Meteoroide, meteor og meteoritt – vi guidar deg gjennom meteorittens millionar år lange reise til jorda.

Sjekk ut mikrometeorittene

Jorda kryr av mikrometeoritter - her kan du se noen av dem.

ESA-senter skal overvake asteroidar

Eit nytt europeisk senter skal oppdage asteroidar og kometar på kollisjonskurs med jorda.

Se Meteorittkveld her

15. februar i år eksploderte en meteoritt over den russiske byen Tsjeliabinsk. Nedslaget satte en støkk i forskere verden over fordi ingen visste at den kom. Hva kan vi lære av steinene fra himmelen? Hvordan kan vi beskytte oss mot dem og når kommer den neste?