Hopp til innhold

Slik har du aldri sett Saturn

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Storslått kortfilm basert på foto frå NASA-romsondar viser ringplaneten frå si vakraste side.

Filmen til den nederlandske regissøren Sander van den Berg tar oss med på ei fantastisk reise langs Saturns ringar.

– Som å vere der sjølv, kommenterer ein gjest på van der Bergs Vimeo-side.

Basert på stillfoto

Ringplaneten som ligg ufattelege 1,2 milliardar kilometer frå jorda er per i dag eit uoppnåeleg reisemål for dødelege, men tre ubemanna NASA-sondar har besøkt planeten.

Det er utruleg nok berre stillfotografi frå dei tre NASA-sondane Voyager 1 og 2, og Cassini som er råmateriale for van den Bergs film, skriv Huffington Post.

På Vimeosida si forklarar van der Berg at rådata frå Cassini og Voyagersondane i blant inneheld nok bilete som er tatt like etter kvarandre til at han kan lage ein video av det.

Saturnmånen Enceladus

Ispartiklar blir slyngt ut frå sørpolen av Saturnmånen Enceladus i eit bilete tatt 27 mars 2012. Fenomenet blir kalla kryovulkanisme.

Foto: NASA/JPL-Caltech/Space Science Institute

Voyagersondane som vart skotne opp med ein månads mellomrom i august og september 1977, hadde utforsking av Jupiter og Saturn som hovudmål.

Voyager 1 flaug forbi Saturn i november 1980, medan søsterfarkosten Voyager 2 passerte planeten i august året etter.

Nær tretti år etter, er dei to sondane no i ferd med å nå solsystemets yttergrenser.

Kollisjonar

Dei siste bileta som er grunnlag for filmen, er tatt av romsonden Cassini som nådde fram til Saturn i 2004.

Cassini går i bane omkring Saturn, og vil halde fram med å studere planeten i alle fram til 2017, når programmet etter planen skal bli avslutta.

Romsonden har som mål å studere fleire av Saturns månar som Titan og Enceladus. Mot slutten av ferda vil Cassini fokusere på å studere planeten og ringane i større detalj.

Mens ringane frå avstand ser ordna og ryddige ut, viser bileta frå Cassini at dei i staden er i stadig rørsle og endring.

Små månar og ringpartiklar kolliderer stadig med kvarandre, bølgjer og straumar blir danna og dør ut.

Dette vakre kaoset er blant fenomena vi ser i filmen til van der Berg.

Saturns måne Enceladus

Saturns ringar og månen Enceladus.

Foto: NASA / Scanpix/AP