Hopp til innhold

Oksygen oppdaga i atmosfære til Saturnmåne

Romsonden Cassini har funne oksygen i atmosfæren til Saturnmånen Dione. – Dette viser at oksygen er vanleg i Saturnsystemet, seier ein av forskarane bak oppdaginga.

Saturnmånen Dione sett frå Cassini.

Saturnmånen Dione sett frå romsonden Cassini.

Foto: NASA/JPL/Space Science Institute

Då NASAs romsonde Cassini passerte Saturnmånen Dione i april 2010 registrerte instrument om bord små mengder oksygenmolekyl omkring den fjerne månen.

Frå før er molekylet også funne i Saturns ringar og på Satur-månen Rhea.

– Dette viser at molekylært oksygen faktisk er vanleg i Saturnsystemet, og det bekreftar at oksygen kan komme frå prosessar som ikkje involverer liv, seier Robert Tokar i Cassini-teamet til NASA.

Tokar er også hovudforfattaren bak artikkelen som nyleg er publisert i tidsskriftet Geophysical Research Letters.

Tynn atmosfære

Forskarane hadde ein mistanke om at det skulle vere mogleg å finne molekylært oksygen på månen etter at romteleskopet Hubble oppdaga ozon (O3) på Dione i 1997, men det var først med hjelp av plasmaspektrometer om bord i Cassini at dette vart stadfesta.

Likevel er det ikkje store mengder det er snakk om.

Målingane viser at atmosfæren på Dione er svært tynn, og tilsvarer tettleiken av jordas atmosfære 480 kilometer over overflata.

Produsert av partiklar frå sola

Forskarane trur at oksygenet i Dione-atmosfæren blir danna av høgenergetiske partiklar frå sola eller rommet som bombarderer vassisen på overflata og slik frigjer oksygenmolekyl.

Dei trur altså ikkje at oksygenet er produsert av levande organismar slik som er tilfelle på jorda.

Men dei vil også leite etter geologiske prosessar på Dione som kan gi forklaring på oksygenet i atmosfæren.

– Dette nye resultatet viser at Dione er endå meir interessant enn vi først trudde. No studerer forskarane Cassinis data for å studere månen meir detaljert, seier Amanda Hendrix ved NASAs Jet Propulsion Laboratory.

Aukar sjansen for å finne ingrediensar til liv

– Dione har ikkje flytande vatn, og har difor ikkje dei rette tilhøva for å huse liv, seier medforfattar av artikkelen Andrew Coates ved University College London til BBC.

Men ifølgje Coates aukar funnet sjansen for å finne ingrediensane for liv på ein av dei andre månane omkring solsystemets gassgigantar.

– Nokre av dei andre månane har flytande hav og på desse kan det vere verdt å leite nøyare etter teikn på liv, seier Coates.

ESAs Juice-ferd som er planlagt for utskyting i 2022 er designa for å utforske dei islagte Jupitermånane Callisto, Europa og Ganymede.