Hopp til innhold

Kosmisk støvsky føder babystjerner

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nye teleskopbilete avslører babystjerner i ferd med å fødast i ei kosmisk støvsky i stjernebiletet Tyren.

Nye bilete frå APEX-teleskopet i dei chilenske Andesfjella viser stjerner i ferd med å bli fødd i skjul av ei meir enn ti lysår lang buktande struktur av kosmisk støv.

Den enorme interstellare støvskya i stjernebiletet Tyren ligg om lag 450 lysår frå jorda, og er ein av dei næraste stjernefødestovene vi kjenner til.

Observasjonane gjort med ESOs APEX-teleskop viser at inne i bandet av kosmisk støv er tette gasskyer akkurat no i ferd med å trekkje seg saman for å danne endå fleire stjerner.

Stjernedannande støvsky i stjernebilete Tyren

Stjernedannande støvsky i stjernebiletet Tyren. Stjerna til venstre i biletet er Phi Tauri, som ligg om lag 100 lysår nærare jorda enn støvskya.

Foto: ESO/APEX (MPIfR/ESO/OSO)/A. Hacar et al./Digitized Sky Survey 2, Davide De Martin.

Skyer kollapsar

Observasjonane frå APEX-teleskopet viser at i den delen av støvskya som ligg nedst til venstre i bilete, er stjernedanninga alt i gang.

Her har skya delt seg opp og danna tette kjernar, som vi kan sjå som lysande klumpar på bileta.

Delen av støvbandet som ligg øvst til høgre, er derimot på eit tidlegare utviklingsstadium. Her er skyene framleis i ferd med å kollapse og dele seg opp.

Støvskya er derfor ein ypparleg stad for å studere korleis dei mørke himmelflekkane inngår i livssyklusen til stjernene.

Når skyene kollapsar under sin eigen tyngdekraft blir dei splitta opp i klumpar. Inne i klumpane kan tette kjernar blir danna der hydrogengassen til slutt blir så tett og varm at hydrogenatom fusjonerer til helium. Då er ei ny stjerne fødd.

Ekstremt låg temperatur

Den enorme kosmiske molekylskya framstår som ein mørk flekk på bilete tekne med vanlege bølgjelengder, fordi ho ikkje sjølv sender ut synleg lys.

Støvkorna som er på storleik med partiklar i sot og sand sender ut svak varmestråling, men fordi dei har ein ekstremt låg temperatur på om lag minus 260 grader Celsius er det berre mogleg å fange opp strålinga på bølgjelengder rundt ein millimeter.

Til samanlikning har synleg lys mykje kortare bølgjelengder på mellom 400–700 nanometer.

APEX-teleskopet i Chile er spesialisert for å registrere nettopp denne type stråling i intervallet mellom infraraudt lys og radiobølgjer.

Observasjonane som er gjort av Alvaro Hacar ved Observatorio Astronómico Nacional – IGN i Madrid i Spania er tatt med eit kamera som nyttar ekstremt følsame termometer for å fange submillimeterlyset.

LABOCA (Large Apex Bolometer Camera)-kameraet som er nytta til observasjonane er verdas største kamera av denne typen.