Hopp til innhold

Her blir kvikkleira flytande

Fleire norske byar er bygd på kvikkleire, som kan forårsake skred og enorme skadar. Sjå video som viser kor raskt fast kvikkleire kan bli flytande røre.

Video Kvikkleire

Delar av Trondheim sentrum er bygd på kvikkleire, og dette gjeld også fleire andre byar i Noreg, blant anna Porsgrunn og Drammen.

Bur på kvikkleire

I dag bur det 2500 menneske i eit område i Trondheim som har høgaste faregrad for kvikkleiresoner.

Sona strekk seg frå Elgeseter bro til Gamle bybro og ein halv kilometer innover.

I verste fall så kan den faresona som vi har teikna inn skli ut, fortel overingeniør Ellen Davies Haugen i NVE til NRK Schrödingers katt.

Faresone for kvikkleire i Trondheim

Flyfoto over sentrum i Trondheim med Bakklandet. Det raude området er høgste faresone for kvikkleire.

Foto: Illustrasjon Tuva Tagseth, NRK

– Då kan du tenkje deg eit scenario der elva byrjar å grave inn i kvikkleira slik at ho blir flytande. Leira flyt ut på elva og gir plass til meir og meir skråning bak som kan skli ut etter, seier Haugen.

Overingeniøren understrekar likevel at dette berre er eit verste-fall-scenario.

Det må mange prøvar til før forskarane veit kor stabilt det er her, og om ein må sikre området betre.

Like ved dette området kan ein sjå kantane etter eit kvikkleireskred som gjekk i 1625.

Skredet som seiast å vere Noregs tredje største kvikkleireskred, feide ned skråninga mot Nidelva, knuste hus til pinneved, og fylte opp elva slik at folk kunne gå over skredmassane.

Skredkant etter kvikkleireras i Trondheim 1625

Skredkant etter kvikkleireraset i Duedalen i Trondheim i 1652. I bakgrunnen ser du Bakklandet.

Foto: NRK

Kan utløysast av menneske

Kvikkleire er trygg så lenge ho ligg i ro, men blir ho flytande kan ho ta med seg grunnen i eit skred.

Dette skjedde nyleg på Byneset ved Trondheim, der eit stort område rasa ut i jula 2011.

Det er også fleire døme på at kvikkleireras kan utløysast av gravearbeid. Både Rissa-raset i 1978 og skredet ved Namsos i 2009 blei utløyst av menneske.

– Dersom du grev i botnen av ei skråning vil det ta av masse og gjere kvikkleira mindre stabil, fortel Haugen.

På same måte blir kvikkleira ustabil viss du fyller ut på toppen av ei skråning, fordi du då legg meir vekt på skråninga.

Haugen fortel at leira kan gå frå fast til flytande så raskt fordi leirepartiklane ikkje har nokre bindingskrefter mellom seg som kan halde dei saman.

Prioriterer høg faregrad

Ellen Davies Haugen fortel at NVE prioriterer å sikre kvikkleiresonene med høg faregrad og høg befolkning. Men dei har berre kapasitet til å ta om lag 5–10 soner i året.

Allereie har NVE sikra Drammen sentrum frå å ende i elva. Og i Porsgrunn blir no store mengder stein dumpa for å lage ein undervassvegg som held kvikkleira i sentrum på plass.

– Men det viktigaste er at folk veit om dei bur på kvikkleire og kva dei skal gjere for å unngå å utløyse kvikkleireskred, seier Haugen.

Sjå Schrödingers katt i kveld på NRK 1 kl. 19.45