Hopp til innhold

Norsk isbjørn fanga laks i Themsen

Den engelske kong Henrik den 3. fekk to isbjørnar i gåve frå Noreg på 1200-talet. Kan ha vore smørjegåve for å få engelske leigesoldatar, ifølgje norsk historikar.

Royal Beasts at Tower of London

I mellomalderens London kunne du sjå ein norsk isbjørn utanfor Tower of London. Her ein skulptur av isbjørnen av Kendra Haste frå utstillinga Royal Beasts at Tower of London.

Foto: Trygve Sørvaag, Scandinavian Pre / Trygve Sørvaag (SPA)

Henrik 3 av England

Kong Henrik 3 av England.

Foto: Wikimedia commons, CC

Mellomalderens londonarar kunne observere eit svært sjeldan og eksotisk syn ved Themsens breidder, ein norsk isbjørn.

– Eg trur det må ha vore ganske overveldande. Ingen hadde jo sett ein isbjørn før, og det må ha vore heilt utruleg for folk å sjå eit så uvanleg og eksotisk dyr fiske i Themsen, seier kurator Sally Dixon-Smith ved Tower of London til NRKs Ekko.

Den norske isbjørngåva er nyleg komme fram i lyset att i samband med utstillinga Royal Beasts, som du for tida kan sjå ved Tower of London.

Det var den engelske Kong Henrik 3 som eigde den norske isbjørnen, som skal ha halde til i vasskanten like utanfor muren til Tower of London. Her var rovydyret tjora fast i eit langt tau, og fekk symje i elva og fiske etter laks.

Høyr heile radiosaka i NRK Ekko:

Kongens rekneskap

– I England finst det ei utruleg samling av kongelege oppteikningar frå 1300-talet, blant anna det om i dag ville tilsvare kongens rekneskap, fortel kurator Dixon-Smith.

Kongens rekneskap viser at det var ein norsk isbjørn her i mellomalderen, og at isbjørnen var ei gåve frå den norske kongen Håkon 4 Håkonsson i 1252.

– Dei detaljerte oppteikningane viser også at ein månad etter at isbjørnen kom vart det kjøpt inn munnkorg, kjetting, og ein lang sterk snor som dei kunne halde isbjørnen i mens han fiska i Themsen, fortel Dixon-Smith.

35 år seinare, i 1287, dukka det opp nok ein isbjørn til Tower of London. Denne kom sannsynlegvis også frå Noreg, sjølv om oppteikningane ikkje kan stadfeste dette.

Leigesoldatar og pengelån

Historikar Tore Skeie har skrive bok om denne tidsperioden i norsk historie, og han fortel at den norske adelsmannen Alv Erlingsson drog til England i 1286 som offisiell representant for den norske kongen.

– Erlingsson var der for å diskutere ei rekkje politiske saker, og for å låne ein stor sum pengar, fortel Skeie til NRKs Ekko.

– I tillegg ville han verve leigesoldatar som den norske krona hadde tenkt å bruke i ein krig mot Danmark, fortel historikaren.

Skeie meiner at det ikkje er usannsynleg at adelsmannen hadde med seg ein isbjørn for å freiste kongen til å hjelpe han med eit lån.

– Det er også litt spennande at Alv Erlingsson hadde eit bjørnehovud i grime som personleg våpenskjold, legg Skeie til.

Eksklusiv gåve

Skeie fortel at isbjørnar var sett på som ei ekstremt dyr gåve, som sette den som gav bort gåva i eit svært ærefullt lys. Det er kjent at fleire norske sagakongar hadde isbjørnar, blant anna Harald Hårfagre.

Brunbjørnar hadde ikkje særleg høg status som statsgåver på denne tida. Dresserte brunbjørnar var på denne tida vanleg å sjå i gatene saman med omreisande gjøglarar eller musikantar. Det var difor ikkje noko fyrsteleg over å få ein brunbjørn i gåve.

– Isbjørnen derimot var så spesiell og såg så eineståande ut, at den hadde ein heilt annan status. For ein franskmann eller ein tyskar var nok isbjørnen minst like eksotisk som eit sjeldan dyr frå Afrika, seier Skeie.

Isbjørnane som vart gitt i gåve kom oftast frå Grønland:

– Organiserte jaktlag gjekk etter binner med bjørnungar, drap mora og tok desse med tilbake. Der blei dei nok tamde og dressert og vaks opp i fangenskap, og sendt til det norske hoffet der dei blei gitt vidare som svært verdifulle statsgåver, fortel Skeie.

Tower of London

Tower of London. Tidlegare tilhaldsstad for mange eksotiske dyr.

Foto: Wallyg

Farleg dyrehage

Den norske isbjørnen vart ein av dei aller første dyra i ei stadig meir eksotisk samling av dyr frå heile verda – ein tradisjon som strekte seg over 600 år.

Blant dei mange gåvene var leopardar og løver gitt til kongen av den romerske keisaren, og ein elefant sendt av den franske kongen.

– Den kongelege dyresamlinga var eit symbol på makt og velstand, og ikkje ein dyrehage i moderne forstand, seier kurator Sally Dixon-Smith.

Men sjølvsagt baud det på problem å halde eksotiske og farlege dyr i fangenskap i eit slott. Det hende rett som det var at dyr rømte og skada tilsette og besøkande.

Dyrevaktarane visste heller ikkje alltid korleis dei skulle mate dei framandarta dyra, og gav dei ofte kaker eller øl. Mange eksotiske dyr døydde difor ofte etter kort tid.

19 august 1830 blei alle dyra frå Tower of London overført til det nye London Zoo, der dei vart passa på av folk som var betre i stand til å ta hand om eksotiske dyr.

Royal Beasts at Tower of London

Løver var også representert i den kongelege dyresamlinga. Bilete frå utstillinga Royal Beasts at Tower of London.

Foto: Historic Royal Palaces