Hopp til innhold

Elektronisk heimehjelp er framtidas eldreomsorg

I framtida kan eldre få utdelt ein virtuell heimehjelp som kan minne dei på gjeremål og oppmuntre dei i kvardagen. Men kan avataren også hjelpe deg om du blir einsam?

Eldre-avatar

Denne elektroniske heimehjelpa kan hjelpe gamle med enkle gjeremål.

Foto: HospitalIT AS

Eldrebølgja er snart over Noreg og Europa for fullt, og det er som kjent mangel på omsorgsarbeidarar som skal ta seg av dei eldre.

Løysinga kan vere ein elektronisk heimehjelp, ein eldre-avatar.

Sjå innslaget om eldre-avatar i Schrödingers katt:

Video Elektronisk heimehjelp

Ein kan betene mange

Flemming Hegerstrøm

Flemming Hegerstrøm.

Foto: NRK

– Kva med å gå ein tur, få litt frisk luft og kjøpe nokre varer til middagen?

Dette er døme på kva ein elektronisk heimehjelp kan seie til deg.

– Han vil minne deg på når du skal stå opp om morgonen, når du skal ta medisinane, og når du skal ete. Han vil også minne deg på viss du skal trene, og om du har gløymt ting, seier Flemming Hegerstrøm til Schrödingers katt. Hegerstrøm er administrerande direktør i helsefirmaet Hospital IT AS.

– Teknologien kan hjelpe oss med at ein enkelt omsorgsarbeidar kan betene mange eldre med hjelp av eit elektronisk verkty slik at han kan kommunisere heim til dei eldre med desse avatarane. Og få dei til å verke i det rommet der dei sjølv ikkje har fysisk moglegheit til å vere til stades, seier Hegerstrøm

–Vil ikkje hjelpe einsame

– Viss eg hadde ein, ville eg prøve det, seier 74 år gamle nederlandske Tina Seibels som har testa ut eldre-avataren.

Sjølv om Seibels personleg ikkje synest noko særleg om avataren ho prøvde ut, meiner ho at det er mykje positivt med ein elektronisk heimehjelpar.

– Du kan måle hjarterytmen din sjølv, og slik treng du ikkje å ha så mange folk innom huset heile tida. Det synest eg er bra, seier Seibels.

Tina Seibels trur likevel ikkje at ein slik virtuell coach kan hjelpe for eldre som kjenner seg einsame.

– Nei, eg trur ikkje det. Personleg kontakt er betre. Det er ikkje dette du treng dersom du er einsam, meiner Seibels.

Teknologien ikkje eit problem

Sjølv om dei som er eldre no ikkje har vekse opp med IT og data, meiner Hegerstrøm at dette ikkje er eit problem for at dei eldre skal kunne ta i bruk teknologien.

– Det vil ikkje krevje kunnskap å nytte dette. Alt er basert på at dei berre kan trykkje på skjermen når dei vil utløyse ulike funksjonar, seier Hegerstrøm.

– Kva med deg sjølv, når du blir gammal, kunne du tenkje deg å ha ein avatar som møter deg i stova?

– Eg ville synest det var kjempefint, så det ser eg verkeleg fram til, seier Hegerstrøm.

Sjå Schrödingers katt torsdag kl. 19.45 på NRK1.

Kunne du tenkje deg å ha ein eldre-avatar? Gi di meining i kommentarfeltet.