Hopp til innhold

Eit steg nærare behandling av Parkinsons

Hjerneceller laga frå menneskelege stamceller har vist lovande resultat i dyreforsøk.– Eit godt skritt i riktig retning, seier norsk ekspert.

Illustrasjon av nervecelle

Ved Parkinsons sjukdom dør det nerveceller i hjernen som produserer dopamin. Biletet viser ein kunstnars illustrasjon av ei nervecelle.

Foto: Patrich Hoesly/ Flickr/ CC

Amerikanske forskarar har klart å lage nye dopaminproduserande hjerneceller, som er dei cellene som blir øydelagde hos menneske med Parkinsons sjukdom (sjå faktaboks), og har sett desse cellene inn i forsøksdyr.

I studien som er publisert i tidsskriftet Nature fann forskarane at dei tilførte hjernecellene også såg ut til å reversere rørsleproblem hos dyr med parkinsonsjukdom.

– Har løyst eit nøkkelproblem

Lorenz Studer og hans kollegaer ved Memorial Sloan-Kettering Cancer Center har funne ein ny metode for å lage dopaminproduserande hjerneceller frå menneskelege stamceller.

Forskarane har tilsett eit nytt molekyl til cellene (kalla CHIR99021) for å aktivere eit svært spesifikt signal i cellene. Dei meiner at dette signalet er alfa og omega for å lage den riktige typen hjerneceller.

Studiar av kva signal slike dopaminproduserande celler blir utsett for gjennom normal utvikling i eit embryo, gav forskarane eit hint til kva som måtte til, og deretter forsøkte dei å etterlikne denne prosessen så tett opp til røyndommen som mogleg.

– Vi meiner at vi har klart å løyse eitt av nøkkelproblema på vegen som kan leie fram til ein celleterapi for Parkinsons sjukdom, seier Studer til NRK.no.

Iver Arne Langmoen

Professor i nevrokirurgi, Iver A. Langmoen.

Foto: Universitetet i Oslo
– Godt skritt i riktig retning

– Det er bra at nokon har fått til så gode resultat med humane celler i dyr. Alt i alt representerer dette arbeidet eit godt skritt i riktig retning, seier professor i nevrokirurgi, Iver Langmoen til NRK.no.

Tanken om å behandle Parkinsons sjukdom med å erstatte nerveceller har eksistert ein del år, men det har vist seg svært vanskeleg å lage den riktige typen menneskelege dopaminproduserande cellene.

Tidlegare studiar har sett svært lovande ut i petriskåla på forskarlaboratorium, men når cellene vart transplantert til dyr har resultata vore nedslåande.

Dei nye dopaminproduserande hjernecellene laga av Studer og hans kollegaer såg derimot ut til å klare seg svært bra.

For alle forsøksmodellane, mus, rotte og aper, såg forskarane ved Memorial Sloan-Kettering Cancer Center at cellene overlever, og ser ut til å fungere som normalt.

Forskarane såg også at rørsleproblema hos dyr med parkinsonsymptom vart reversert.

– Dette er eit svært oppløftande steg i riktig retning, seier leiaren i Noregs Parkinsonsforbund, Magne Fredriksen.

– Sjølv om det er ein lang veg å gå, kan dette bety at stamceller kan gi nye behandlingsformer, seier Fredriksen.

– Vanskeleg å kontrollere

Professor Iver Langmoen er likevel skeptisk til bruk av embryonale stamceller og induserte pluripotente celler (sjå faktaboks om stamceller) som forskarane har nytta i denne studien.

– Vi veit at dei er vanskelege å kontrollere og ofte lagar svulstar, seier Langmoen.

Langmoen nemner også at vevsavstøyting kan vere eit problem med cellene, då immunforsvaret hos pasientar som får cellene kan reagere på cellene.

– Dette er årsaka til at vi arbeider med stamceller frå vaksne menneske der tanken er å bruke pasientens eigne stamceller til transplantasjon, seier Langmoen.

– Kliniske forsøk om fire år

Det vil enno ta mange år før dei nye cellene er klar til å bli prøvd ut på menneske. Studer og hans kollegaer må først lage store bankar av celler som er produsert under kliniske høve.

– Cellen må også prøvast ut på dyremodellar over lang tid. Nokre av studiane inkluderer transplantasjon til aper i opptil eitt år for å sikre at cellene fungerer også over tid, fortel Studer.

– Men dersom alt går bra, håpar vi at vi kan vere klar for dei første kliniske forsøka om circa fire år, seier Studer.