Hopp til innhold

Verdas første solcelledrivne grill

Norske forskarar har laga ein grill som går på 100% solenergi, og som kombinerer robotteknikk og enkel fysikk.

Solcellegrill

Dette er verdas einaste solcellegrill. Pølsene blir grilla på ei smal steikeplate som blir varma opp av sola. Solceller gir straumen som trengst for å styre spegelen etter sola.

Foto: Helga Maria Sulen Sund/NTNU

Forskarar ved NTNU i samarbeid med Norsk Foreining for Automatisering (NFA) har utvikla ein miljøvenlege grill som nyttar solenergi til å grille maten.

Grillen som er laga av masterstudent Peter Sveistrup ved Institutt for teknisk kybernetikk på NTNU, er i følgje forskarane den første og einaste solcelledrivne grillen i verda.


– Vill ide

Øyvind Stavdahl

Øyvind Stavdahl ved Institutt for teknisk kybernetikk ved NTNU.

Foto: NTNU

– Dette var i utgangspunktet ein vill idé, men så vart den jo ganske stilig, seier førsteamanuensis Øyvind Stavdahl ved Institutt for teknisk kybernetikk medan han ser på eit bilete av grillen. Stavdahl har vore rettleiar for Sveistrup på masteroppgåva hans.

Sjølv om solgrillen i følgje Stavdahl er laga med eit glimt i auget, er han likevel ein fullt fungerande miljøvenleg grill som ikkje er avhengig av verken grillkol, gass eller straum.

Pølsene blir grilla ved å fokusere solstrålar med hjelp av solspegelen, på liknande måte som du kan fokusere solstråler med eit forstørrelsesglas.

På grunn av forma til solspegelen blir solstrålane fokusert i ei stripe, og i fokusstripa er det plassert ei svart steikeplate der det er plass til 4 - 5 pølser i gongen.

  • Les også: – Veps med solcelle

    Solcelledriven grill

    Det ser kanskje ut som ein fancy flatskjerm, men dette er altså ein solcelledriven grill.

    Foto: NTNU

Følgjer sola

Grillen er også ein robot som sjølv kan finne riktig posisjon i høve til sola.

Grillen er programmert til å følgje sola til ei kvar tid, slik at den som brukar grillen slepp å bruke tid på å flytte solspegelen.

På kvar side av solspegelen er det plassert eitt solcellepanel. Desse leverer straum til motorane som styrer solspegelen.

Grillen har fleire innebygde instrument som GPS, akselerometer og magnetometer, som gir informasjon om tid, stad og grillens eigen orientering.

Formelen SOLPOS som er utvikla av The National Renewable Energy Laboratory i USA gir grillen informasjon om kvar sola står til ei kvar tid.

Eit program utvikla av Sveistrup reknar så ut kor mykje solspegelen må flytte seg for å vende mot sola, og styrer motorane slik at grillen heile tida følgjer sola.

Går bra med litt skyer

– Ein av dei store fordelane ved solcellegrillen i høve til ein kolgrill, er at solcellegrillen blir varm umiddelbart. Du kan altså leggje pølsene på grillen med ein gong du har sett han opp, i motsetning til kolgrillen som først blir varm etter at kolet har brent ei stund, fortel Øyvind Stavdahl.

Den NTNU-utvikla solcellegrillen verkar best i fullt solskin, men om det skulle vere nokre få skyer går dette også bra.

I fullt solskin gir grillen ein effekt på 385 Watt, noko som gjer at du kan grille pølsene dine i løpet av få minutt.

I ein test av grillen på ein haustdag målte Stavdahl ein temperatur på 100 grader på steikeplata.

– Du kan få grillen så varm du vil, dette er berre avhengig av storleiken på spegelen, seier Stavdahl.

– Og smaken av solgrilla pølser er heilt fin, sjølv om røyksmaken frå grillkolet manglar, forsikrar Stavdahl.

Lågprisvariant

Solcellegrillen er samanleggbar, men med ei vekt på 27 kilo er prototypen ikkje ein grill du tar med på tur.

Førebels er solcellegrillen altså ikkje ein erstatning for berbare grillar.

Forskarane har no lyst til å følgje opp grillprosjektet.

– Det hadde vore morosamt å lage ein lågprisvariant, seier Stavdahl som ikkje vil gå ut med prisen på prototypen.

Verdas første og einaste solcellegrill er elles ikkje til sals, men vil sannsynlegvis bli donert til eit ideelt føremål.