Hopp til innhold

Nyttar snuten som sjette sans

Sagfisken nyttar den sagtanna snuten som antenne for byttedyr i havet over seg viser ny forsking.

Sagfisk

Den lange snuten til sagfisken er ikkje berre eit slagvåpen, men er også ei slags antenne for byttedyr.

Foto: David Iliff, CC

Vitskapsfolk har til no trudd at den tropiske sagfisken nyttar den sagforma snuten sin til å finne byttedyr på havbotnen.

I staden ser det ut til at den sagforma utveksten hos skatefisken utgjer ein slags sjette sans som kan merke byttedyr i havet over fisken.

Antenne for elektriske felt

Barbara Wueringer

Barbara Wueringer har studert snuten til sagfisken.

Foto: Troy Lechner

Biologen Barbara Wueringer ved University of Western Australia fann at sagsnuten hos sagfisken er tettpakka med tusenvis av ørsmå poreliknande organ.

Desse organa kan fange opp forsvinnande svake elektriske felt omkring levande organismar, som til dømes fiskar eller andre byttedyr.

Wueringer fann også at sagfisken har mange fleire porer på den øvre delen av saga enn sagfiskens slektning, gitarfisken.

Dette tyder på at sagfisken nyttar sagsnuten som ei slags antenne for å lokalisere byttedyr i vassmassene over seg, heller enn dei som lever på havbotnen.

Fordeling av elektrosensitive porer hos sagfisk

Biletet viser at det er mange fleire elektrosensitive porer på oversida av snuten til sagfisken enn på undersida, noko som tyder på at den fangar opp signal frå byttedyr i havet over seg heller enn frå byttedyr skjult på havbotnen.

Foto: Barbara Wueringer/Brain Behaviour and Evolution

I tillegg er det også kjent at den sagfisken nyttar den lange snuten sin til å slå fisk i svime ved vassrette slag i vatnet. Saga er altså både antenne og jaktreiskap i eitt.

Jakta for snuten

Sagfisk

Sagfisken blir jakta blant anna for finnene sine, som av mange blir rekna for ei delikatesse.

Foto: David Wachenfeld, davidwachenfeld.redbubble.com

Alle artar av sagfisk har status som kritisk trua på den internasjonale raudlista over trua dyreartar i verda.

Dei blir ofte tatt i garn som bifangst ved annan fiske, men dei blir også jakta for den sagtanna snuten sin og for finnane som blir rekna som ei delikatesse.

– Nord-Australia er rekna for den siste tilfluktsstad i verda for fire artar av sagfisk. Men viss vi ikkje forstår desse dyra, vil vi ikkje klare å redde dei, seier Wueringer i ei pressemelding.

– Barbara sitt arbeid endrar vår forståing av korleis sagfisken lever og jakter, og er eit viktig bidrag til den globale innsatsen for å verne desse majestetiske skapningane, seier rettleiaren hennar, professor Shaun Collin.

Sjå sagfisk i denne undervassvideoen frå Georgia akvarium: