Hopp til innhold

Edderkopp bruker luftboble som gjelle

Vassedderkoppen kan klare seg eit heilt døgn under vatn på medbrakt luftboble, viser ny forsking.

Vassedderkopp, Argyroneta aquatica

Ein vassedderkopp på veg ned i vatnet med ny forsyning av luft til dykkarklokka si. Dette treng han berre gjere ein gong i døgnet viser ein ny studie.

Foto: Stefan K. Hetz, Humboldt Universitet

Vassedderkoppen er den einaste edderkoppen som lever heile livet under vatn.

Han klarar seg under vatn ved hjelp av luftbobler som han lagrar under vatn i ei slags dykkarklokke laga av silke.

Fram til no har ingen visst nøyaktig kor lenge vassedderkoppen kunne klare seg under vatn, og korleis han nyttar luftboblene til å puste, men ein ny studie som er publisert i tidsskriftet Journal of Experimental Biology avslører edderkoppens hemmelegheit.

Kunstig gjelle

Forskarane Roger Seymour ved University of Adelaide i Australia og Dr Stefan Hetz ved Humboldt-universitetet i Tyskland har funne ut at vassedderkoppen nyttar luftbobla som ei slags gjelle, noko som gjer at edderkoppen kan klare seg lenger under vatn.

Slik fiskens gjeller gjer fiskar i stand til å ta opp oksygen frå vatn, kan vassedderkoppane ta opp oksygen frå vatnet gjennom luftbobla.

På denne måten får luftbobla stadig påfylling med meir oksygen, utan at edderkoppen må fylle på med frisk luft frå overflata.

I kombinasjon med at edderkoppen har låg forbrenning og lite behov for oksygen, gjer dette at vassedderkoppen kan klare seg opptil eit døgn under vatn utan å komme opp til overflata.

– Tidlegare studiar har tyda på at vassedderkoppen må opp til overflata kvart 20. til 40. minutt i løpet av dagen. I staden viser vår studie at edderkoppane kan ta opp oksygen frå vatnet gjennom dykkarklokka si sjølv på varme dagar og i stilleståande vatn, og slik kan klare seg under vatn i lange periodar i gongen, fortel Roger Seymour i ei pressemelding.

- Det er ein fordel for edderkoppen å kunne vere i ro lenge då dette vernar edderkoppane frå rovdyr, men også fordi dei då unngår å skremme bort byttedyr, fortel Seymour.

Edderkopp på laboratoriet

Biologiprofessoren Roger Seymour hadde tidlegare forska på korleis akvatiske insekt tar opp oksygen frå vatnet gjennom tynne bobler av luft strekt over buken.

Då han var på leiting etter andre bobler å måle på, kom han til å tenkje på den berømte vassedderkoppen som han hadde lese om i populærlitteratur som liten gut.

Saman med kollegaen Stefan Hetz samla Seymour inn vassedderkoppar frå elva Eider i Tyskland, som dei så installerte i akvarium på laboratoriet.

Forskarduoen plasserte ørsmå oksygenmålarar, såkalla optodar, inne i dykkarklokka til edderkoppar og kunne så følgje med på oksygeninnhaldet i luftbobla.

Edderkoppane såg ikkje ut til å la seg forstyrre av måleinstrumenta som stakk inn i deira undersjøiske hus, men haldt på med sine vanlege aktivitetar.

Luftbobla minkar

Sjølv om oksygenet stadig blir fylt på frå det omkringliggjande vatnet, minkar volumet i luftbobla likevel av di nitrogenet i bobla sakte men sikkert løyser seg opp i vatnet.

Det er dette som gjer at vassedderkoppen til slutt må fylle på dykkarklokka med nye luftbobler frå overflata.

Men altså ikkje før det har gått eit døgn, viser utrekningar gjort av Seymour og Hetz.