Hopp til innhold

Gåtefull måne sett frå romstasjonen.

Eit optisk fenomen gjer at månen ser flattrykt ut sett frå den internasjonale romstasjonen.

Månen står opp, sett frå ISS

Ein underleg samantrykt måne titter opp over jordhorisonten i denne biletserien tatt av ein astronaut på romstasjonen. Lysets ferd gjennom jordatmosfæren skaper dette underlege synet.

Foto: Paolo Nespoli, ESA/NASA

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Den italienske astronauten Paolo Nespoli som er ein del av besetninga på den internasjonale romstasjonen, ISS, har knipsa ein serie bilete av månen i det han står opp over jordhorisonten.

Bileta viser månen slik vi aldri ser han frå jorda - han ser underleg samanklemt ut før han har stått ordentleg opp over horisonten.

I det månen kjem lenger opp, og astronautane ikkje lenger observerer han gjennom jordatmosfæren, får han tilbake den vanlege runde forma si.


Lysbryting

–Dette synet skuldast fenomenet med lysbryting, fortel fysikar Torger Holtsmark ved Universitetet i Oslo.

Når lyskjegla frå månen skin gjennom jordas atmosfære blir lyset brote, og lysstrålen bøyer av nær jorda. Dette får månen til å sjå flattrykt ut.

–Du ser det same fenomenet når du har eit rundt objekt i ein bolle med vatn, fortel Holtsmark.

Lysbryting

Slik tomaten ser samanklemt ut i ein bolle med vatn, ser månen samanklemt ut sett gjennom jordas atmosfære. Lysbryting er forklaringa i begge tilfella.

Foto: Morten Eide

På same måte som månen ser samanklemt ut frå ISS på grunn av skilnaden i jordas atmosfære og vakuumet i rommet, ser tomaten samanklemt ut på grunn av skilnaden i tettleik mellom dei to media vatn og luft.

–Dette er også det same fenomenet som får ein blyant til å sjå knekt ut når han står i eit glas med vatn, seier Holtsmark.


–Også frå jorda kan månen sjå noko flattrykt ut når den står opp, fortel Holtsmark, men verknaden er større når lyset blir brote gjennom heile atmosfæresjiktet, difor ser astronautane om bord på ISS sjå ein mykje meir flattrykt måne enn det vi ser.

Frå jorda er det altså aldri mogleg å sjå månen flat som ein pastill slik astronautane om bord på ISS kan sjå han.

Måneillusjonen

Sjølv om vi ikkje får sett den flattrykte månen her frå jorda, kan vi her ofte observere eit anna synsbedrag som gjeld månen.

Dette er den gåtefulle måneillusjonen, som får månen til å sjå ekstra stor ut når han står lågt på horisonten.

Måneillusjonen er den eldste illusjon som er omtalt, og den er framleis gåtefull.

I motsetning til den samantrykte månen sett frå ISS, er det ikkje naturen som lurer oss denne gongen, men mest sannsynleg vår eigen hjerne.

Måneillusjonen skuldast sannsynlegvis at vår eigen hjerne feiltolkar månen som større enn han er i verkelegheita når vi ser han stå lågt på himmelen nær velkjente objekt som hus og tre.


Ivrig fotograf

Astronaut Paolo Nespoli

Når han ikkje tek spektakulære bilete frå rommet har Paolo Nespoli andre plikter på ISS. Her sjekkar han spacewalk-draktene.

Foto: ESA/NASA

Det er den italienske astronauten Paolo Nespoli som har tatt bileta av månen som står opp.

Nespoli er medlem av besetninga på den 26. ekspedisjonen til den internasjonale romstasjonen som etter planen skal vare fram til mars 2011.

Nespoli er ein ivrig fotograf i rommet, og oppdaterer jamleg sin twitterkonto med
spektakulære bilete av landskap og byar sett frå sin ståstad i bane rundt jorda.

Har du lyst å dele Nespoli sitt fugleperspektiv av jorda, kan du jo nyte fleire av bileta hans her: flickr.