Den nye froskearten, Rhacophorus vampyrus, som vart oppdaga i det sørlege Vietnam høyrer til amfibieslekta flygefroskar som kan sveve mellom tretoppane med hjelp av symjehud mellom tærne.
- Les også:
Vampyr-delen av namnet har arten fått fordi rumpetrolla av arten er utstyrt med eit par hoggtenner på undersida av munnen, noko som er ei ganske uvanleg tannutrusting hos rumpetroll.
Vampyrflygefrosken vart funne av den australske amfibieforskaren Jodi J. L. Rowley ved Australian Museum, og arten er skildra i tidsskriftet Zootaxa.
Aldri observert på bakken
–Vi har enno ikkje observert frosken på bakken, berre i trea, seier Rowley til NRK.no.
Men frosken har sannsynlegvis ingen grunn til å opphalde seg på bakken heller, sidan han er svært tilpassa livet i trea med symjehuda mellom tærne som hjelper den å sveve frå tre til tre, og store tåputer som hjelper frosken å halde seg fast i trea.
Til og med forplantinga til frosken skjer også over bakken, i små vassfylte hol i trea.
Hoggtenner
Nettopp desse vasshola der dei små flygefroskane startar livet kan vere forklaringa på hoggtennene hos rumpetrolla.
–Vi veit enno ikkje kvifor rumpetrolla av arten har desse hoggtennene. Det kan ha noko med dei små vasshola som rumpetrolla lever i, kanskje dei et noko rart, seier den australske froskeforskaren.
- Les også:
Rumpetroll med tenner ikkje uvanleg
–Det er ikkje heilt ukjent at rumpetroll er utstyrt med tenner. Nokre rumpetroll lever til dømes av sine eigne søsken, fortel zoolog Petter Bøckman ved Universitetet i Oslo.
–Men i dei fleste tilfelle der rumpetroll har tenner er det snakk om ein hornkam, ein slags taggete kam eller lite nebb, som kan nyttast til dømes for å gnage grønske, fortel Bøckman.
- Les også:
Ut frå biletet meiner Bøckman at fangtennene hos rumpetrolla til den flygande vampyrfrosken ikkje ser ut som utstyr for ein kjøttetar.
–Desse hoggtennene er rette, medan dei ville vere koniske dersom dei var for å ete med, seier Bøckman.
Halde seg fast
–Fangtennene blir mest sannsynleg brukt til å seg fast med, trur Bøckman.
–Det kan vere å halde seg fast i omgivnadene, eller til foreldra sine.
Ei forklaring kan vere at mor og far bærer avkommet sitt med seg på kroppen, og då kan rumpetrolla ha bruk for hoggtennene til å klore seg fast på foreldra.
Dersom det er avgrensa tilgang på mat, kan det nemlig vere nødvendig for froskeforeldre å flytte avkommet sitt til eit nytt vasshol.
Hos nokre artar av pilgiftfroskar kan rumpetrolla faktisk lime seg fast til foreldra med eit klistrete slim, fortel Bøckman.
–Det er ein god hypotese, men vi veit rett og slett ikkje om den stemmer, seier Rowley.
Uansett kva vampyrtennene blir brukt til håpar Jodi Rowley å finne svaret på dette med vidare studiar av den nyoppdaga vampyrflygefrosken.