Hopp til innhold

Voyager 1 nærmar seg solsystemets yttergrense

Etter 33 år på reise har romsonden Voyager 1 nådd yttergrensene til solsystemet vårt.

Voyager 1 ved yttergrensa til solsystemet

Så langt heimefrå som romsonden Voyager 1 er no har aldri noko menneskeskapt objekt vore tidlegare.

Foto: NASA

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Med ein fart på 61 000 kilometer i timen eller 17 kilometer i sekundet suser romsonden Voyager 1 bort frå jorda, og er no ufattelege 17,5 milliardar kilometer borte frå oss.

Frå denne avstanden ser sola vår ut som ei fjern stjerne.

Romsonden er det første menneskeskapte objekt som har nådd så langt bort frå jorda, og blir også det første menneskeskapte objekt som er på veg ut i det interstellare universet.

Møter sterke krefter

Sonden er no i eit område der den interstellare vinden møter heliosfæren, som er ein slags kokong som omgir solsystemet vårt.

–Voyager 1 møter sterke krefter der den er no, seier Pål Brekke ved Norsk Romsenter til NRK.no.

Innanfor heliosfæren dominerer solvinden og solas magnetfelt rørsla til partiklar i rommet, medan utanfor heliosfæren er det strøymingar av partiklar i rommet mellom stjernene (det interstellare stoffet) som bestemmer rørsla til dei same partiklane.

Der det interstellare stoffet møter heliosfæren, bles det ein interstellar vind. Dette kan samanliknast med strøymingar når vatnet i ei elv strøymer forbi ein stein.

–Det viktigaste ved at Voyager no er ved solsystemets yttergrense, er at vi får ny kunnskap om heliosfæren, og vi får bekrefta om modellane våre stemmer, seier Brekke.

Pioner i verdsrommet

Gullplata om bord i Voyager 1

Om bord i Voyager 1 er ei gullplate med blant anna bilete og innspelingar av lydar og musikk frå jorda.

Foto: NASA

Voyager 1 har vore på reise i solsystemet heilt sidan 5 september 1977, då den vart skote opp i rommet med det ambisiøse oppdraget at den og søstersonden Voyager 2 skulle utforske ei ytste planetane i solsystemet.

Tidspunktet for oppskytinga var svært viktig, då dei fire ytre planetane Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun dette året stod på linje på ein slik måte at ein kunne gjere turen kortast mogleg, noko som berre skjer kvart 175. år.

Ingen hadde sett for seg at sonden skulle halde fram med å vere ein pioner i verdsrommet, 33 år etter oppskytinga, og halde fram med å sende rapportar tilbake til jorda.

Kan rapportere fram til 2020

Først om endå fire år vil Voyager krysse solsystemets grense fullstendig, og seie endeleg farvel til solsystemet vårt.

Voyagers systersonde Voyager 2, som vart skoten opp omkring to veker før Voyager 1, går i ei anna bane enn Voyager 1 og beveger seg litt saktare slik at den berre har tilbakelagt 14,3 milliardar kilometer.


Begge sondane får energi frå radioaktive kjelder om bord, og ved å spare på energien og slå av alle apparat som ikkje er strengt nødvendige, er det venta at sondane vil ha nok kraft til å kommunisere med jorda heilt fram til år 2020.

I 2014/2015 kan vi altså vente oss oppdateringar frå det interstellare rommet.