Hopp til innhold

Antimaterie fanga for første gong

Antimateriereaktoren som blir brukt i Star Trek-romskipet Enterprise er eit lite skritt nærare. Fysikarar har for første gong klart å fange atom av antimaterie.

antihydrogen

Fysikarar har for første gong klart å fange hydrogenatomets mørke tvilling, antihydrogenet. Biletet viser antihydrogen som blir tilintetgjort (anhilerer).

Foto: CERN

I Star Trek filmane får romskipet Enterprise energi til å reise med hastigheiter større enn lysets ved å smelte samen antimaterie og materie i ein antimateriereaktor.

Antimateriereaktoren er framleis science fiction, men i det minste er vi litt nærare når fysikarar ved den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN) no har lukkast i å produsere og fange antiatom for første gong.

  • Høyr intervju med fysikar Bjørn Samset ved CICERO senter for klimaforsking i Verdt å vite:

Forsvinningsnummer

Ved universets spede byrjing var det like mykje av materie som antimaterie, men i dag består universet nesten utelukkande av den eine varianten, materie.

Det er ingen fysiske lover som tilseier at vi skal ha den tilstanden vi har i dag, der universet består av mykje meir materie enn antimaterie.

Dette er eit av dei store mysteria i fysikken, som fysikarane gjerne skulle hatt svaret på.

–Av grunnar som ingen enno forstår, kvitta naturen seg med antimaterie, seier forskar Jeffrey Hangst ved Aarhus universitet, og talsmann for CERNs antimaterie-samarbeid ALPHA i ei pressemelding frå CERN.

–Difor er det svært tilfredsstillande og også litt overveldande å vite at vi har klart å fange stabile, nøyrale atom av antimaterie, seier Hangst, og legg til:

–Dette inspirerer oss til å jobbe mykje hardare for å sjå om antimaterie har nokre løyndommar på lager, seier Hangst.

Materiens spegelbilete

I atom som utgjer vanleg materie er kjernen positiv og elektrona som omgir den er negative.

Hos antiatoma som utgjer materiens spegelbilete, antimaterien, er situasjonen stikk motsett.

I antihydrogenatomet som forskarane no har klart å fange, er kjernen negativ, og elektronets motsats, positronet, er positivt.

Ein annan metode for å produsere og fange antiatom er også under utvikling gjennom CERN-programmet ASACUSA.

–Med to alternative metodar for å produsere og studere antihydrogen, vil ikkje antimaterie klare å skjule eigenskapane sine for oss mykje lenger, seier Yasunori Yamazaki ved ASACUSA i pressemeldinga frå CERN.

I studien, som er publisert i tidsskriftet Nature, skriv forskarane at antihydrogenet blant anna kan nyttast til å studere om antimaterie har dei same eigenskapane som materie når det gjeld til dømes tyngdekraft.

Sjå intervju med CERN-forskar Jeffrey Hangst:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.