Hopp til innhold

Lytt til kvalsong direkte

Eit nettverk av undervassmikrofonar gir deg moglegheit til å lytte til kvalsong direkte.

delfin
Foto: colourbox.com / colourbox.com

Prosjektet LIDO som står for Listening to the Deep Ocean Environment gir deg tilgang til sanntidslyden frå 10 undervassmikrofonar eller hydrofonar som er spreidd omkring i europeiske farvatn og Canada.

Hovudformålet for prosjektet er å ta opptak av og arkivere undervasslyd for å studere korleis menneskeleg aktvitet verkar inn på kvalar.

Men lyden er altså også tilgjengeleg for alle og einkvar, slik at ein kan klikke seg inn på ein hydrofon ein stad i Middelhavet eller Atlanterhavet og lytte etter kvalar.

Plassert på eksisterande forskingsplatformar

Ideen til prosjektet fekk den franske bioakustikkforskaren Michel André ved Barcelona Tech, ved det Polytekniske Universitet i Catalonia.

Hydrofonane er lokalisert på eksisterande forskingsplatformar som til dømes overvakar jordskjelv og tsunamiar.

–Desse observatoria var allereie festa med kabel til land for geofysiske og astrofysiske målingar, så vi utnytta det eksisterande nettverket til å installere sanntid akustisk data hub'ar på dei, seier Michel André til New Scientist.

Kan varsle kvalflokk

Hydrofonar kan fange opp lydar frå bardekvalar som er fleire hundre kilometer borte.

Med fleire hydrofonar i nettverket kan systemet nyttast til å kartleggje rørslene til kvalar, og slik kan forskarar studere korleis lydforureining påverkar kvalane.

André ser også for seg at ein kan plassere hydrofonar på offshore oljeplatformar, slik at platformane kan få varsel når flokkar av kvalar nærmar seg.

Slik kan ein då stoppe bråkete operasjonar mens kvalane symjer forbi.