Derfor ville han ikkje la seg teste av NRK
Snåsamannen trur ikkje evnene hans ville visast i eit laboratorium. Sjå intervjuet med Joralf Gjerstad.
Publisert 16.09.2010 15:00. Oppdatert 16.09.2010 15:02.
- Skriv ut
Joralf Gjerstad
- Fødd 11. april 1926
- Bur i Snåsa i Nord-Trøndelag
- Kjent for varme, lækjande hender.
- Har lækja folk gratis i 60 år.
- Fekk Kongens Fortenstmedalje i sølv i 2001
- Aktuell med boka "Den gode kraften"
Tidlegare i sommar skreiv Dagbladet at Joralf Gjerstad ville la vitskapsfolk gjennomføre testar av evnene hans. Men i følgje Gjerstad var han feilsitert av Dagbladet, og har aldri ønska å la seg teste.
- Les også: Snåsamannen vil la seg teste
- Les også: Snåsamannen vil ikke testes likevel

Joralf Gjerstad har no pensjonert seg, og det kjem ikkje lenger folk heim til han i Snåsa for å bli friske.
Foto: Jørn Haudemann Andersen/NRKSchrödingers katt drog likevel til Snåsa, og spurde Gjerstad om han sjølv trur det finst ei vitskapleg forklaring på evnene hans.
Titusentals nordmenn har opp gjennom tida oppsøkt Gjerstad i heimbygda hans Snåsa i Nord-Trøndeleg. Både kjendisar og heilt vanlege folk er blant dei som meiner dei har fått hjelp av han.
- Les også: Fikk hjelp av Snåsamannen
- Les også: Northug fikk hjelp av Snåsamannen
Gjerstad også medvirka til å finne sakna menneske. Seinast i sommar kunne han fortelje kvar leitemannskapa skulle leite etter ei kvinne som var sakna i eit skred i Lyngen i Nordland.
- Les også: Snåsamannen anga funnstedet
Har stor tru på vitskapen
Gjerstad trur ikkje at vitskaplege testar i eit laboratorium ville avslørt at det var noko spesielt med han.
–Eg er lik som andre menneske. Same kroppen, seier Gjerstad.
Folk som har møtt Gjerstad har fortalt om ein varme som kjem frå kroppen hans. Han sjølv har inga forklaring på dette fenomenet.
–Varmen kjem ifrå kalde hender. Hendene kan vere heilt iskalde, det forstår eg ingenting av, fortel Gjerstad til NRK.
–Same kva slags vitskapsmenn som kjem hit så kan eg ikkje forklare, seier Gjerstad. Folk får sjølv vurdere kva for evner eg har, eller kva for kraft som eg får for å kunne gjere sånt noko. Eg har spekulert på det sjølv.
Men evnene kjem ikkje frå hans eigen kropp, meiner han sjølv.
–Eg trur nok at det finst system utanfor meg som gir meg kraft, seier Gjerstad.
- Les også: Snåsamannen tror ikke på Märtha
- Les også: Synske nordmenn
Men sjølv om Gjerstad ikkje ønskjer å la seg teste vitskapleg, har han ingenting i mot vitskapen.
Gjerstad understrekar at han alltid viste folk som kom til han til helsevesenet dersom han meinte dei var sjuke.
–Eg har veldig stor tru på vitskapen. Det er jo vitskapen som har ført mennesket framover. Dei finn opp middel mot sjukdom. Dei finn opp middel mot kreft. Det er jo vitskapen som må gjere det, seier Gjerstad.

