Hopp til innhold

Øver på turen til Mars

Som deltakarar i den internasjonale studien på interplanetære romferder, Mars500, har seks personar no vore isolert i 105 dagar. Forsøket skal gå i 520 dagar, like lenge som den verkelege turen til Mars vil ta.

Den 3 juni i år smelte døra att i boksen som skal huse seks deltarar i det internasjonale eksperimentet Mars500 i nesten 18 månader.

No har det gått 105 dagar, og deltakarane har dermed vore isolert like lenge som dei var i for-testen av prosjektet i fjor.

Mars500 er ein internasjonal studie av interplanetære romferder i regi av den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA. Tittelen spelar på at ei verkeleg reise til Mars vil ta ca 500 dagar.

Men i verkelegheita er besetninga på seks personar ikkje på veg til Mars, men oppheld seg i ein hermetisk isolert romskipsimulator ved det russiske Institute for Biomedical Problems i Moskva.

Dei lever og arbeider slik som astronautar på den internasjonale romstasjonen, ISS.

Etter 250 dagar vil besetninga bli delt inn i to. Tre av dei vil då flytte til marsoverflatesimulatoren, medan dei tre andre vil bli att i "romskip"-modulen.

Sjå video frå ESA om Mars500-forsøket:

Medisinske testar

I Mars500 skal ein undersøke både fysiske og mentale sider ved langvarige romferder.

Ein skal blant anna sjå korleis langvarig isolasjon verkar inn på faktorar som stress, søvnkvalitet, kosthald og hormonnivå i kroppen.

Besetningsmedlemma må sjølv utføre testar og undersøkingar, blant anna samle inn og lagre urinprøver slik Diego viser i denne videoen frå ESA: