25.05.2013

Avdekker mysteriet bak vandrande steinar

Steinar på vandring i Racetrack Playa

  • Steinar som vandrar er eit fenomen som er kjent frå fleire stader i California og Nevada. Steinane etterlet seg lange halar av spor som vist på biletet her. Forskarar er ikkje sikre på forklaringa bak fenomenet, men det er verken dyr, tyngdekraft eller jordskjelv inne i biletet her.
  • Spora kan både vere rette, eller kurva. Av og til beveger to steinar seg langsmed kvarandre, og etterlet spor som ser ut som dei er sett av ein bil.
  • Sommarpraktikantane ved 2010 Lunar and Planetary Science Academy (LPSA) ved NASA's Goddard Space Flight Center på veg ut i Racetrack Playa.
  • For å undersøke steinane og spora samlar studentane mange ulike data, blant anna måler dei lengda og breidda på sporet, storleiken til steinen, magnetisk og radioaktiv stråling, og GPS koordinatar.
  • Nokre av steinane er store. Denne er ca 25 cm høg. På 60-og 70-talet dokumenterte to forskarar vandreruta til ein stor stein som dei kalla Karen. Karen vart anslått å vege rundt 300 kilo.
  • Innimellom bryt det ut ein pistolduell, vi er jo trass alt i det Ville Vesten.
  • Forskarar trur at vatn, is og vind saman kan flytte steinane. Her grev studentane opp ein Hygrochronsensor som har ligge i bakken i tre månader og reistrert temperatur og fuktigheit elektronisk.
  • Etter at data frå hygrochronsensoren vart registrert, gravde studentane ned sensorane igjen.
  • Her er fire studentar i gang med eksperiment på Bonnie Claire Playa, ein annan stad der steinar vandrar. Dei undersøker her kor fort leira kan absorbere vatn. Studentane er Kyle Yawn (ståande), Gregory Romine, Emily Kopp, og Clint Naquin.
  • Gruppefoto av NASA-praktikantane og rettleiarar som var med på sommarens forskingsprosjekt i Racetrack playa.
  • Kanskje er vi no litt nærare ei løysting på mysteriet omkring dei berømte vandrande steinane.

Kva får steinane i Racetrack Playa til å bevege seg? NASA-praktikantar har tilbrakt sommaren i Death Valley for å avdekke årsaken bak det underlege fenomenet. Sjå biletserien.

playa

  • ei nesten flat, vegetasjonslaus forsenkning i midten av eit innelukka basseng i eit tørt område.
  • I nedbørrike periodar kan det danne seg ein midlertidig innsjø (playasjø) i forsenkningen.
  • I botnen av bassenget blir det avsett lag av leire, silt (finkorna jordart) og saltar utfelt frå vatnet idet det tørka inn.

Kjelde: Geo Leksi

I det paddeflate og tørre landskapet i Racetrack Playa i Death Valley, USA, synest det som om steinar er levande.

Små og store steinar vandrar av garde, tilsynelatande heilt av seg sjølv, og etterlet seg virvar av spor i den tørre bakken.

Nokre steinar er einsame vandrarar, medan andre ser ut til å vandre saman to og to, så synkroniserte at spora etter dei ser ut til å vere danna av dekka på ein bil.

Fenomenet er kjent i lang tid, også frå liknande stader, og har blitt utforska av vitskapsfolk sidan 1940-talet.

Skattejakt

I sommar har 17 praktikantar ved Lunar and Planetary Sciences Academy (LPSA) ved NASA's Goddard Space Flight Center dratt til Racetrack Playa for å utforske fenomenet.

- Det var som å dra på skattejakt, sa student Justin Wilde frå University of Wyoming.

Studentane gjorde ei mengde målingar, alt frå storleiken til steinane, lengde, breidde og djupn på spora, og målingar av magnetisk felt og radioaktiv stråling.

-Dette smørbrødbordet av data er nødvendig fordi det som føregår på Racetrack Playa er komplisert, seier Brian Jackson, ein av leiarane på turen. Det er ikkje openbart kva data som kjem til å bli viktig.

Saman med ein kollega har Brian Jackson studert Racetrack Playa sidan 2006, og dei har nyleg publisert ein artikkel der dei samanliknar denne staden med ein inntørka innsjø på Saturns måne Titan.

Is speler viktig rolle

Den mest sannsynlege forklaringa på fenomenet er at ein kombinasjon av vatn, is og vind flyttar steinane langs bakken i dei inntørka innsjøane skriv NASA.gov.

Smeltevatn frå snøa i omkringliggande fjell renn ned på playaen, og frys om natta. Vinden i ørkenlandskapet kan komme opp i heile 60 meter i sekundet.

Steinane kan fryse inn i is, og iskappa kan gjere at steinane delvis flyt på smeltevatnet.

Fleire steinar innfrose i blokker av is kan forklare kvifor to steinar beveger seg heilt parallellt.

Spor utan stein kan forklarast ved at isblokker har laga spora, og at desse har smelta bort.

Ein kombinasjon av vatn, is og vind flyttar truleg steinane i Racetrack Playa. Sjå ei forklaring i denne youtube-videoen:

Kart

Hit til Racetrack playa i Death Valley må du dra dersom du vil sjå dei vandrande steinane.

Kilde: Google Maps

Teknologi og data

Algoritme oppdager leukemi

Student fra Florida har lært datamaskiner å diagnostisere leukemi og brystkreft.

Hodebånd hjelper deg å fokusere

Bedre konsentrasjon med et bånd på hodet, sier du? Hodebåndet Melon måler hjerneaktiviteten din og hjelper deg med å fokusere bedre.

Google lanserer Spotify-konkurrent

Google kom med mange nyheter i går, men den heteste av dem alle var nok musikktjenesten som skal utfordre Spotify.

Fløy ubemannet passasjerfly

Pilotene drakk kaffe mens flyet ble styrt fra bakken.

Mindre trolig at mobil gir skader

Nye forskningsresultater fjerner ikke all tvil, men gjør det mindre sannsynlig at mobilbruk er farlig.

Hevder spillpremie vil endre livet

– Premien vil forandre livet til vinneren for alltid, sier utviklerne av spillet Curiosity. Norsk spillekspert lar seg ikke imponere.

Slik får du flere Twitter-følgere

Mye på hjertet, men ingen som hører? Nå har forskere undersøkt hvorfor.

Kamera oppfører seg som insektsøyne

Kameraet har 160 graders synsfelt og høy dybdeskarphet. Oppfinnelsen kan i fremtiden bli brukt som overvåkningskamera.

Verdens minste flygende robot

Etter over ti års slit gjorde forskerne drømmen til virkelighet: Den insektlignende roboten RoboBee er i lufta!

Klima og miljø

Fortsatt stor klimaskepsis i Frp

Ingen av Frps listetopper er enige med FNs klimapanel i at klimaendringene først og fremst er menneskeskapte. I helga skal partiet avgjøre hvor klimaskeptiske de skal være.

Meteor kan ha utryddet mammutene

Tidligere har forskere trodd at overdreven jakting var årsaken til at mammutene ble utryddet. Nå mener de at en meteor var den store syndebukken.

Klimaforskerne er samstemte

En gjennomgang av 4000 forskningsrapporter viser en bred akademisk enighet: 97 prosent av klimaforskerne mener at menneskene er skyld i klimaendringene.

Arktis-hav blir surere

De siste 200 årene har gjennomsnittlig surhet i havoverflaten økt med omkring 30 prosent på verdensbasis. – Dette er første gang at vi mennesker faktisk endrer hele planeten, sier forsker.

Dropper NASA, kritiserer klimakamp

En av USAs fremste klimaeksperter har fått nok av tamme klimatiltak og munnkurv fra myndighetene. Nå slutter James Hansen i sjefsstillinga i NASA- for å bli aktivist.

Sorterer søpla betre enn menneske

Ny teknologi gjer søppelsortering i heimen unødvendig. Likevel må vi sortere søppelet vårt.

Astronomi og romfart

Meteor kan ha utryddet mammutene

Tidligere har forskere trodd at overdreven jakting var årsaken til at mammutene ble utryddet. Nå mener de at en meteor var den store syndebukken.

En fødestue for stjerner

Very Large Telescope feirer 15 år siden første observasjon med spektakulært bilde av gasståke.

Solstormer kan lamme samfunnet

Solstormer har alltid herjet, men aldri før har de potensielle konsekvensene vært større.

Solen er «sint»

I løpet av de siste to døgnene har det vært fire ekstremt kraftige eksplosjoner på Solen. Smellene kommer fra et område på Solen som nå vender seg mot Jorden. Til helgen vil eksplosjonsstedet peke rett mot oss.

Utenomjordisk musikkvideo

Fartøysjef Hadfield takker for seg fra ISS med egen versjon av David Bowie-låt.

Har stoppet romstasjon-lekkasje

400.000 meter over bakken ble to astronauter i dag sendt ut i verdensrommet for å forsøke å stanse en alvorlig ammoniakklekkasje fra Den internasjonale romstasjonen (ISS). I kveld norsk tid melder ISS at reparasjonen var vellykket.

Robin (19) vil bo på Mars

19 år gamle Robin Ingebretsen vil reise fra kjæresten og livet på jorda for å bo på Mars. Selv om han aldri får komme tilbake.

Gigantisk orkan på Saturn

NASA knipset utrolige bilder av enorm orkan på Saturn. Stormen er 20 ganger så stor som en gjennomsnittlig orkan på Jorda.

Virgin Galactic brøt lydmyren

Romturisme er nå ett skritt nærmere etter at styrtrike Sir Richard Brandons romfartøy utførte en vellykket testflyvning mandag.