-Spedbarn bør smake

Er barnet ditt kresent på mat? Ny forsking viser at småbarn lettare lærer å like ulik mat - i heilt bestemte periodar av utviklinga si.
Publisert 28.01.2010 15:09.
- Skriv ut
- Barn har nemleg ein sensitiv smaksperiode - eller det som vert kalla eit smaksvindauge - når dei er mellom 4 og 7-8 månader gamle, seier spesialpsykolog Helle Schiørbeck ved Nasjonalt kompetanse for barn med spisevanskar, Rikshospitalet UiO.
Mat og smakar som vert lansert i denne perioden - treng truleg langt færre introdusjonar før barnet likar - enn smakar som vert lansert seinare.
Amming sunt
I følgje dei nasjonale retningslinene bør barnet fullammast til det er omlag 6 månader gamalt.
- Vi er på ingen måte usamde i det, amming er viktig, understrekar Helle Schiørbeck.
Men alt frå 4 månaders alderen bør spebarn forsiktig bli introdusert til andre smakar enn søtt. Morsmjølk, som dei fleste spebarn naturleg likar, er nemleg i hovudsak søt, medan smakar som surt og bittert må tilvennast gradvis.
- Difor er det viktig at barn også får små-små smaksprøver inn i mellom, kanskje av mat du sjølv sit å et, litt saus, litt mosa grønnsaker, frukt, og anna, seier Schiørbeck.
Maten må sjølvsagt vere mosa og tilpassa barnet sin munn-motorikk. Og reine smakar er å foretrekke:
- I ferdig barnematglas er ofte fleire smakar samansausa i ein mild,uklar smak. Reine, enkelt-smakar er oftast betre å lære, forklarar Schiørbeck.
Allsidig kosthald
Store, engelske populasjonsundersøkingar viser at barn som nettopp får introdusert eit breitt spekter av smakar og konsistens alt før 10 månaders alderen - har eit langt meir allsidig kosthald og færre spisevanskar seinare i livet - enn andre barn som ikkje har fått dette.
- Vi har ant at det er slik, men først no har vi data som endeleg stadfestar kor viktig det er å nytte desse vindauga for smak og konsistens hos småbarn, seier Helle Schiørbeck.

