Vil ikkje barnet ete?

Er det vanskeleg å få barnet ditt til å ete? Ekspertane svarar på dine spørsmål i nettmøte klokka 11 fredag.
Publisert 19.11.2009 14:26.
- Skriv ut
Barn lærer å ete
Dei fleste foreldre har på eit eller anna tidspunkt slite med småbarn som ikkje vil ete. Men kvar går grensa mellom normal kresenheit og alvorlege spisevanskar?
Ved Nasjonalt kompetansenter for barn med spise- og ernæringsvanskar ved Rikshospitalet tek dei imot barn frå heile landet som på ulike måtar slit med å få i seg mat.
Se innslaget i Schrödingers katt på NRK1 klokka 19.30 i kveld.

Overlege Ingrid B. Helland gir råd om barn og mat i Schrödingers katt på NRK 1.
NRK– Målet er å lære barna å spise. I alle fall dei som har dei fysiske villkåra til å klare det, seier overlege Ingrid Helland.
Ho leiar teamet av legar, ernæringsfysiologar, spesialpsykologar, pedagogar, logopedar, sjukepleiarar og sosionomar som utgjer det særeigne og tverrfaglege behandlingstilbodet.
– Mange av barna som kjem hit har ei sjukomshistorie. Dei kan vere fødde for tidleg, ha hjartesjukdomar, eller andre alvorlege sjukdomar som ligg under. Men vi får og i utgangspunkte heilt friske barn hit - men då barn som det på ein eller annan måte har stansa opp for når det gjeld spiseutvikling. Ofte kan dette skje i overgangar; overgang frå amming til graut til dømes - eller frå graut til meir avansert konsistens på maten. Eller at barnet kanskje har hatt dårleg matlyst i samband med ein mindre alvorleg sjukdom - og så har det låst seg i eit mønster der - som barnet og foreldra ikkje klarer å endre, forklarar Helland.
Les svarene fra overlege Ingrid B. Helland og ho sitt team ved Rikshospitalet
her.
For nokre av barna vert det så alvorleg at dei i ei periode må ha hjelp til å få i seg nok næring, då gjennom ein sonde i nasen eller det som vert kalla ein PEG i magen.
– Utfordringa er då å unngå ein vond sirkel. Med sondemat er barnet allereie ganske mett - og då vert det endå vansklegare å lære barnet matglede og det å sitte ved eit måltid å spise sjølv, seier Helland.
Teamet legg stor vekt på å følgje opp foreldre mellom anna ved å filme måltid der barnet sit ved bordet å skal ete.
– Foreldre gjer sjeldan feil, dei vil det beste for barnet. Men dei kan av og til ha hengt seg opp i lite formålstenleg mønster som er enklare for oss utanfor å sjå, forklarar Helland.

Alva og andre barn får hjelp til å spise.
NRK
– Ved å filme måltid - for så observere saman med oss etterpå - kan vi gi råd og vink i korleis bryte mønster som ikkje gir resultat. Barna gir ofte føringar sjølv - og vi kan sjå at små detaljar som sittestilling, spisereiskap, rett konsistens på maten, gir resultat og større høve for barnet å meistre måltidet sjølv.
Matglede
Teamet legg og stor vekt på matglede.
– Det første vi prøver å finne fram til er kva barnet likar. Barn kan ha hang til salte smakar, sure smakar, søtt, anna, og vi prøver å kartlegge dette så godt som råd, seier ernæringsfysiolog Kjersti Birketvedt.
Det betyr ikkje at barnet heile tida skal ete iskrem og ostepop, smiler ho, men vi må starte ein stad.
– Få barnet på gli ved å ta tak i det som det i utgangspunktet kan ha lyst på. Så er målet etterkvart å få barnet over på eit sunt og godt kosthald slik familien elles har det.
Vitskap?
Tidlegare har fagfolk kanskje sitte litt for mykje på kvar sin haug når det gjeld barn med spisevanskar, seier Ingrid Helland.
– Legar og ernæringsfysiologar har kanskje vore litt for opptekne av berre vekt og vekstkurver. Om berre barnet la på seg, enten ved sondemat eller anna, så har det vore kortsiktig "greit". Medan psykologar og sosionomar har på si side kanskje vore vel fokuserte på å finne utanforliggande forklaringar og årssakssamanhengar. I denne relativt nye vitskapen forener vi alle desse kreftene i eit tverrfagleg samarbeid og utveksler kunnskap - samstundes som vi stadig tilegnar oss ny, seier Helland.
Småbarn smake
Ei heilt ny britisk undersøking viser til dømes at små barn har "smaksvindauge". Dette er periodar der småbarna er svært opne for å lære å like nye smakar.
– Undersøkinga viser at barn heilt ned i fire månaders alderen bør få prøve ut mest mogleg ulike smakar, seier spesialpsykolog Helle Schiørbeck.
– Dette skal sjølvsagt ikkje erstatte eller gå på bekostning av amminga - men poenget er at barn frå fire månader og fram til sju månader har eit slikt smaksvindauge som gjer at dei langt lettare enn seinare - er motakeleg for nye smakar. Desse barna har og eit meir allsidig og rikhaldig matregister seinare i livet viser granskinga, seier Schiørbeck.

