Hopp til innhold

Norsk forsking avslører korleis hjernen bedømmer vakre ansikt

Berre nokre damer blir vakrare når hjernens belønningssystem blir trigga. – Hensikta evolusjonsmessig er å overleve og føre slekta vidare, seier forskar.

Forskar Olga Chelnokova

Stipendiat Olga Chelnokova med eitt av ansikta som har blitt bedømt av forsøkspersonar.

Foto: Svein Harald Milde and Guro Løseth, UiO

I ein studie frå Universitetet i Oslo fekk tretti menn sjå på bilete av kvinner og velje kor lenge dei ville sjå på dei mens dei hadde fått medikament som enten trigga eller blokkerte hjernens belønningssystem, endorfinsystemet.

Forskarane fann at berre dei finaste damene vart oppfatta som endå penare ved trigging av belønningssystemet.

Funnet kan altså litt humoristisk seiast å gå heilt på tvers av den berømte ølbrille-hypotesen, som går ut på at alle damer blir veldig pene klokka 3 laurdag natt.

– Endorfinsystemet hjelper oss å velje det som har høgast belønningsverdi. Hensikta evolusjonsmessig er å overleve og føre slekta vidare, og endorfinsystemet aukar sjansen for det, seier stipendiat Olga Chelnokova som er førsteforfattar på studien.

Resultata er det første beviset på at manipulasjon av belønningssystemet i hjernen påverkar både den estetiske vurderinga av ansikt, og motivasjonen for å sjå på dei.

Penare med morfin

Forsker Jeppe Riegels som ser på et ansikt i «mest attraktiv»-kategorien

Mannlege forsøkspersonar som fekk trigga endorfinsystemet vurderte vakre kvinner som endå vakrare enn før.

Foto: Svein Harald Milde

Forskarane designa eit forsøk der ein lett kunne teste ut korleis hjernens belønningssystem påverka interesse for vakre ansikt.

Tretti menn fekk sjå på bilete av vakre eller mindre vakre kvinner. Ansikta var på førehand vurdert og rangert av ei anna gruppe menn. Forsøkspersonane kunne sjølv styre kor lenge dei såg på kvart bilete. Ville dei sjå lenger på eit bilete, måtte dei jobbe litt for dette ved å trykke fleire gongar på ein knapp. Var ansiktet på skjermen derimot mindre interessant, kunne dei trykke på ein annan knapp for å gå raskt over til neste bilete.

Mennene vart testa under tre ulike situasjonar; dei fekk enten ein svært liten dose morfin som aktiverer endorfinsystemet, placebo (eit narrestoff), eller naltrekson som blokkerer endorfin.

Forskarane fann at når aktiviteten i endorfinsystemet vart forsterka med morfin, syntest mennene at dei penaste jentene vart endå penare. Dei blei også villige til å jobbe meir iherdig for å sjå lenger på dei, noko som vart målt med kor mange gongar dei trykka på «behold bilete»-knappen.

Morfinet auka samtidig motivasjonen hos mennene til å unngå å sjå på dei minst attraktive ansikta, noko som gav seg utslag i at dei trykte meir på bytt bilete-knappen.

Når mennene fekk endorfinsystemet blokkert med naltrekson, likte mennene dei mest attraktive damene mindre godt enn dei elles ville, og dei var mindre interessert i å sjå på dei.

Forskergruppa ved Psykologisk institutt

Forskargruppa ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo. F.v.: Marie Eikemo, Olga Chelnokova, Siri Leknes, Guro Engvig Løseth, Hedda Maurud, Bruno Laeng, Jeppe Riegels og Frode Willoch.

Foto: Svein Harald Milde

Treng grunnleggjande kunnskap

Om vi er rusa eller edru, så er hjernens belønningssystem svært viktig for korleis vi ser på og oppfattar det motsette kjønn. Kroppens eige smertestillande stoff, endorfin, er sterkt involvert i dette.

Men paradoksalt nok har vi det meste om kunnskapen vår om endorfinsystemet komme frå studiar på rotter.

– Vi veit svært lite om endorfinsystemet hos menneske, fortel forskar Siri Leknes ved Psykologisk institutt til NRK.no. Ho er ansvarleg for studien som er publisert i tidsskriftet Molecular Psychiatry.

– Vi veit at dette er eitt av dei første systema som blir kapra når vi ruser oss, og at det er involvert i å føle smerte. For å finne ut korleis vi skal behandle folk som har rus eller smerteproblem, treng vi grunnleggjande kunnskap om korleis systemet fungerer, og då held det ikkje med rottestudiar, seier Leknes.

Denne studien er den første i eit større forskingsprosjekt som har som mål å kartleggje hjernens endorfinsystem.

– Viktig på mange nivå

Leif Edward Ottesen Kennair

Eit viktig funn, seier professor Leif Edward Ottesen Kennair om den nye studien frå UiO.

Foto: Nils Heldal / NTNU SVT

– Funnet er viktig på mange nivå, seier professor i psykologi Leif Edward Ottesen Kennair ved NTNU til NRK.

– Vi får gjennom denne studien kunnskap om korleis spesifikke stoff i hjernen påverker bestemte mentale prosessar. Det er også indirekte støtte til evolusjonære teoriar om at ansiktsskjønnheit er eit evolusjonært relevant stimulus, spesielt for menn, og at det finst spesifikke mentale mekanismar som regulerer åtferd knytt til ansiktsvurdering.

– Det er langt frå overraskande at menneskets bedømmelse og psykososiale motivasjonssystem verkar slik. Forskarane har derimot klart å vise at det verkar slik, og det er i seg sjølv viktig, seier han.

Like resultat for kvinner?

At forskarane valte menn som forsøkspersonar har med å gjere at dei ville unngå feilkjelder frå kvinners svingande hormonsystem, i og med at forsøkspersonane var inne tre gonger i løpet av ein månad.

Leknes og kollegaene hennar trur at dei vil sjå liknande resultat for kvinner som ser på pene menn, men dette vil dei også gjerne undersøke.

I nye studiar vil dei også undersøke om endorfinsystemet har blitt forstyrra hos rusmisbrukarar som går på metadon eller legemiddelassistert rusbehandling, LAR.