Hopp til innhold

24.000 år gammalt sibirsk barneskjelett forbløffa forskarane

Forskarar fann overraskande genetisk slektskap mellom amerikanske indianarar og sibirsk skjelett.

Barnegrav og overarmsknokkel som DNA er henta frå

Frå overarmsknokkelen til dette barneskjelettet har forskarar kartlagt DNA med lenke til amerikanske indianarar.

Foto: Kelly Graf/ Thomas W. Stafford, Jr. /montasje NRK

Forskarar ved Centre for GeoGenetics ved Københavns universitet har undersøkt DNA-materialet til eit sibirsk barn som levde for 24.000 år sidan.

Kartlegging av arvematerialet til det sibirske barneskjelettet, som blir kalla MA-1, viser eit genetisk slektskap med nordamerikanske indianarar, men også notidas europearar.

Fram til no har leitinga etter forfedrane til amerikanske indianarar vore konsentrert om Sentral-Asia, men dette funnet viser altså at indianarane også deler slektskap med ei anna befolkning.

Funnet har store konsekvensar for vår forståing av kvar dei opphavlege ur-indianarane kjem frå, ifølgje forskarane.

–Kom som ei overrasking

–Resultatet kom som ei overrasking på oss. Kven kunne ha trudd at dagens amerikanske urbefolkning, som vi alltid har lært kjem frå aust-asiatar, deler utviklingshistorie med dagens europearar, seier prosjektleiar Eske Willerslev frå Centre for GeoGenetics ved Københavs universitet.

Willerslev leia studien som er publisert i Nature Genetics.

–Det som er endå meir spektakulært er at dette gjekk føre seg ved oppblanding frå ein fortidig befolkning som så langt berre er representert ved det 24.000 år gamle MA-1-skjelettet, seier Willerslev.

Illustrasjon av sibirsk barnegrav

Illustrasjon av den sibirske barnegrava, og kva gjenstandar han fekk med seg. I grava var det blant anna figurar skorne ut av mammut-støttenner.

Foto: Kelly E. Graf

DNA-et som forskarane har studert kjem frå skjelettet til ein 2–3 år gammal gut som levde ved Bajkal-sjøen i Sibir i steinalderen. Tilhøva i grava hans har vore fordelaktig for å bevare DNA-et over tusenvis av år.

Forskarane har funne at om lag 30 prosent av arvemassen hos amerikanske indianarar kjem frå MA-1-gruppa, mens den resterande delen altså stammar frå Aust-asiatar.

Basert på funna meiner forskarane å kunne seie at dei første amerikanarane, ur-indianarane, stammar frå møtet mellom og blanding av minst to befolkningar, der den eine er lenka til notidas Aust-asiatar, og den andre til dagens europearar.

–Dette set spørsmål om Amerika blei befolka av to grupper som blanda seg i Amerika for så å danne amerikanske indianarar, eller om dette skjedde i Sibir, fortel Willerslev til NRK.no.

Eldste menneskegenom

Bajkal-sjøen i Sibir

Bajkal-sjøen i Sibir. Menneske frå dette området må ha blanda seg med foredrene til dei noverande Aust-asiatar og gitt opphav til dei første amerikanarar, ifølgje danske forskarar.

Foto: Niobe Thompson

–MA-1 representerer det eldste anatomisk moderne menneskegenom som er sekvensert fram til no, og det har gitt oss eit unikt vindauge til det genetiske landskap, slik det såg ut i Sibir for 24.000 år sidan, seier forskar Maanasa Raghavan frå Center for GeoGenetics.

Det sibirske barneskjelettet viser interessant nok lite eller ikkje noko slektsforhold til dei moderne befolkningar i det området som han kjem frå.

–Dette må bety at Aust-asiatane som lever der i dag, og som er folk av mongolsk og kinesisk avstamming, må ha komme inn på eit seinare tidspunkt, seier Willerslev.

Forskarane er opne for moglegheita for at det også kan vere andre folkegrupper som har medverka til genmaterialet hos dei amerikanske ur-indianarane, og dei har no planar om å sekvensere genom frå arkeologiske funn i Amerika, fortel Willerslev.