Hopp til innhold

Noreg klimaversting i ny studie

Berre Kuwait og Qatar slår Noreg i CO2-utslepp per person dersom ein tel med norsk olje- og gass brent i utlandet.

Oljeproduksjon

Olje og gass frå norsk sokkel tel ikkje med i våre utslepp når dei blir brent i utlandet. Ein ny studie ser på kva som skjer dersom vi tel med desse utsleppa.

Foto: MARTIN BUREAU / AFP

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I ein ny analyse har CICERO-forskar Robbie Andrew sett på korleis Noreg ville ligge an dersom ein også tar med utslepp frå norsk olje og gass som blir brent i utlandet. Mens Noreg i dag ligg på 32. plass for territoriale utslepp per innbyggar, viser Andrews utrekningar at vi bykser opp til tredjeplassen dersom ein flyttar ansvaret for CO2-utslepp frå produksjon til utvinning.

Noreg i særstilling

Av 129 land og regionar som var inkludert i ein studie om CO2-utslepp i global handel, viser analysen at Noreg står i ein særstilling.

Mens våre næraste naboland er netto importørar av CO2-utslepp, finn vi Noreg gruppert på eksportsida saman med land som Kuwait og Saudi-Arabia. Dette skuldast at vi er nettoeksportør av både fossile brensel, samt CO2-utslepp knytt til varehandel.

Karbonutslepp per person

Av 129 land er det berre Kuwait og Qatar som overgår Noreg i CO2-utslipp per person når vi ser på nettoeksport av utslepp.

Foto: CICERO

FNs klimaavtale og klimalovgiving i både Norge og EU plasserer i dag ansvaret for CO2-utslepp på landa der dei fossile brennstoffa blir brent, og ikkje landa som der brennstoffa vart tatt opp.

Eksportland som Noreg og Saudi-Arabia slepp derfor billig unna.

Dersom utslippsansvaret endrast frå territoriale utslepp til utvinningsstad, noko enkelte økonomar argumenterer for, vil Noreg måtte vedkjenne seg ein større del av dei globale utsleppa.

– Ikkje aktuelt

Klimaforskar Robbie Andrew

Klimaforskar Robbie Andrew i CICERO.

Foto: CICERO

CICERO-forskaren trur det er lite sannsynleg at eit slikt skifte i ansvarsplassering vil komme i internasjonale avtalar, men han synest likevel at ideen bør vurderast av makthavarar.

–Dersom Noreg bestemte seg for å ta ansvar for fossilt brensel vi utvinn, vil det setje eit eksempel som forhåpentlegvis andre land ville følgje, trur Andrew.

Men etter Miljøverndepartementets syn er det ikkje aktuelt for Noreg å ta eit slikt initiativ:

– Klimakonvensjonen gir klare reglar for korleis nasjonale utslipp skal bereknast. Det er mogleg å tenke seg ein annan måte å fordele utslepp på, men det er etter vårt syn verken aktuelt eller føremålstenleg, og vil ikkje bringe oss nærare ein tilstrekkeleg ambisiøs global klimaavtale, seier politisk rådgivar Audun Garberg i Miljøverndepartementet på e-post til NRK.no.

Etter Miljøverndepartementets syn gir Klimakonvensjonens reglar for utsleppsrekneskap gode nok insentiv til å redusere eigne utslepp.

–Viss Noreg skulle ta på seg ansvar for olje og gass vi eksporterer, vil det kunne forståast som at for eksempel EU har mindre ansvar for gass som EU importerer, og slik fjerne noko av motivasjonen for overgang frå fossilbasert til fornybar energi i EU-land, seier Garberg.

Opp 1500 prosent

Mens Noreg i dag vedkjenner seg om lag 0,2 prosent av verdas totale karbonutslepp, anslår Andrew at dette talet vil gå opp til om lag 2–3 prosent dersom vi også skulle telje med karbonutslepp frå norsk olje og gass som blir brent i utlandet.

Sidan karbonutslepp har ein prislapp, vil denne auken naturleg nok koste Noreg.

Andrew meiner likevel dette er ein kostnad Noreg kunne ha råd til, sidan vi står i ei særstilling når det gjeld økonomi.

–Det er ikkje opp til oss forskarar å seie kva politikarane bør gjere, men det er klart at det er ei melding til dei som bestemmer her. Det er mange utslepp som ikkje blir tatt ansvar for. Dersom politikarane tar større ansvar, er det meir sannsynleg at vi får ei betre framtid.

–Noreg vil halde fram med å medverke aktivt på mange frontar for å få i hamn ein global klimaavtale, der både produksjon og bruk av petroleum vil bli underlagt ein karbonpris, og vi vil også halde fram med å satse på mange frontar for å redusere utslepp i Noreg og i resten av verda, seier Audun Garberg i Miljøverndepartementet.