Hopp til innhold

Verdas befolking kan nå nesten 11 milliardar innan 2100

Tidlegare framskrivingar bomma på folketalet med 800 millionar.

7 milliardar menneske i 2011

I 2011 vart vi 7 milliardar menneske i verda.

Foto: UN Photo/Eskinder Debebe

Ein ny FN-rapport tyder på at verdas befolkning aukar raskare enn tidlegare framskrivingar har vist. Mens tal frå 2011 tyda på at vi ville vere 10,1 milliardar ved neste hundreårsskifte, har FN no plussa på 800 millionar nye verdsbuarar innan den tid. Dette skriv Science Daily.

Auka skuldast først og fremst høge fødselstal i Afrika, der FN hadde forventa at fødselstala skulle gå ned raskare enn det dei har gjort.

I dag er det om lag 1,1 milliardar menneske i Afrika, men dette talet er no forventa å nå 4,2 milliardar, nesten ei firedobling, innan 2100.

– Ingen ende i sikte

– Dette er svært interessante og viktige resultat. Vi trudde med førre framskriving at vi var på god veg mot ei utflating av befolkningsveksten. Dette betyr at det kan ta lenger tid før vi får nullvekst, seier forskar Helge Brunborg i Statistisk sentralbyrå til NRK.no.

Den nye berekningane nyttar statistiske metodar som er utvikla av Adrian Raftery og hans kollegaer ved University of Washington Center for Statistics and the Social Sciences i samarbeid med FNs Population Division.

Deira forbetra prognosar for fruktbarheit og levealder saman med tal samla inn av FN har blitt brukt for å framskrive langtidskonsekvensane av fertilitetsendringar i Afrika sidan berekninga frå 2011.

– Det er ingen ende i sikte når det gjeld veksten i verdas befolkning, seier Adrian Raftery i ei pressemelding frå University of Washington.

– Desse nye funna viser at vi må fornye strategiane våre for å kunne gripe fatt i befolkningsveksten i Afrika, som å auke tilgang til familieplanlegging og utvide utdanningstilbodet til jenter, meiner Raftery.

Ein milliard på 12 år

At vi blir 800 millionar fleire enn planlagt innan 2100, der 600 millionar lever i Afrika, fører også til konsekvensar for jorda.

– Det gir opphav til fleire bekymringar, blant anna når det gjeld klima og miljø. Dei ekstra 800 millionane vil også forbruke varar og tenester og auke klimagassutsleppa. Det er også eit spørsmål om det er reint vatn til alle, samt om ein klarar å gi dei mange unge utdanning og helsetilbod, seier Brunborg.

Dei nye FN-estimata fortel også at verdas befolkning vil auke med ein milliard på 12 år, og at vi vil nå 9,6 milliardar menneske innan 2050.

Kor sikre kan vi vere på at desse siste prognosane viser det riktige talet for verdas folketal?

– Dei nye tala viser at dette er usikkert. Framtida er usikker, og vi veit ikkje korleis det går, seier Brunborg og gir følgjande døme:

–Dersom det gjennomsnittlege barnetalet vert eit halvt barn høgare per kvinne enn det FN har berekna for 2100, vil folketalet bli på heile 17 milliardar, og dersom det vert eit halvt barn lågare, vil folketalet ”berre” bli 7 milliardar. På den andre sida vil folketallet bli så høgt som 29 milliardar, dersom talet held seg uendra på 2,5 fødde barn per kvinne som i dag.