Hopp til innhold

Nyoppdaga Tingeling-veps blant verdas minste insekt

Forskarar fann nytt insekt som er berre 250 mikrometer langt.– Har vi ikkje alt funne dei, så må vi i alle fall vere nær ved å oppdage dei aller minste insekta, seier forskar bak funnet.

Tinkerbella nana

Alven Tingeling har gitt namn til den bitte lille parasittvepsen Tinkerbella nana.

Foto: The Walt Disney Company Nordic/John T. Huber/montasje NRK

Det nyleg oppdaga insektet Tinkerbella nana, som er oppkalla etter feen Tingeling frå boka om Peter Pan, er så lite at det knapt er synleg med det blotte auget. Dette skriv Live Science.

Med ei lengde på under 0,25 millimeter er det blant dei aller minste flygande insekta i verda, berre slått av Kikiki huna frå Hawaii.

Til samanlikning er ei hovudlus (2-3 millimeter) om lag 10 gongar så stor som Tinkerbella.

Insektet høyrer til familien dvergsnyltevepsar, ein type parasittvepsar som legg egga sine inne i egg og larvar hos andre insekt, for så å ete dei opp frå innsida.

Så små insekt er naturleg nok inga lett oppgåve for forskarane å oppdage, men forskarteamet leia av John Huber of Natural Resources Canada fann vepsen ved å leite etter insektegg blant lauv, jord og plantar i Costa Rica.

Tinkerbella nana

Dei fine vengjene med vakre frynser samt den beskjedne storleiken på desse vepsane har gitt insektfamilien namnet fairyflies på engelsk, altså alvefluger.

Foto: John T. Huber

– Har sine fordelar å vere liten

Når det kan kjenst tungt for oss menneske å gå i motvind, kan ein berre undre seg over korleis eit så lite insekt i det heile tatt kan halde seg på vengjene.

Insektforskar Torbjørn Ekrem ved NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim trur dei fjørtynne frynsene på vengjene til Tinkerbella kan hjelpe dyret med å fly gjennom å gjere overflata på vengjene større. Større vengjer vil lette oppdrifta.

– Det er heilt klart mange utfordringar frå blant anna vêr og vind med å vere liten, men det har også sine fordelar, fortel Ekrem.

– Det er for eksempel lett å gøyme seg for rovdyr, og ein kan fulløre livssyklusen på kortare tid, seier han.

Sjå forskarvideo frå 2011 som viser flyging hos ørsmå parasittveps i 22000 bilete i sekundet:

– Har nådd nedre grense for storleik

Tingeling-vepsen og andre ørsmå parasittiske vepsar er ikkje avhengig av ei viss storleik for å kunne oppsøke maten sin, for næring omsluttar jo vepsen fullstendig i form av eit uheldig vertsdyr.

Det som avgjer den nedre grensa for kor små dei kan bli må difor vere storleiken på cellene i kroppen samt at dei har nok celler til å lage kvart enkelt organ og kroppsdel, seier forskarane i artikkelen i Journal of Hymenoptera.

Forskarane meiner at dei no må ha nådd den nedre grensa for kor liten eit flygande insekt kan bli.

– Vi meiner at dei minste flygande insekta ikkje kan vere mindre enn 150 mikrometer i lengde, og at det minste som er i stand til å gå normalt ikkje kan vere under 125 mikrometer, skriv forskarane i artikkelen.

For insekt er det truleg at Kikiki huna har nådd den nedre grensa, trur teamet.

– Viss noko er fysisk mogleg for levande organismar så vil individ frå minst ein art har oppnådd det. Den nedre grensa for kroppsstorleik er mest sannsynleg allereie oppstått hos eit dyr, enten nolevande eller utdøydd.

– Har vi ikkje alt funne dei, så må vi i alle fall vere nær ved å oppdage dei aller minste insekta, trur Huber og kollegaene hans.