Hopp til innhold

Mystisk øy sletta frå kartet for godt

Ei Stillehavsøy kjent sidan 1876 var fordufta då australske forskarar leita etter henne.

Den påståtte øya Sandy Island som vist i Google Earth

Den påståtte øya Sandy Island som vist i Google Earth-kart.

Foto: Google Earth

Eit team av australske forskarar på tokt i Stillehavet oppdaga nyleg at øya Sandy Island som figurerer på ei mengde sjøkart, i verkelegheita aldri har eksistert. Dette skriv Live Science.

Øya som skulle vere 25 kilometer lang og 5 kilometer brei, om lag same storleik som Manhattan, var teikna inn på fleire ulike sjøkart i det sørlege Stillehavet, mellom Australia og øygruppa Ny-Caledonia.

Men under ein ekspedisjon til området i oktober 2012, fann forskarane berre blått hav der øya skulle ha vore. Dei har dermed gjort seg til u-oppdagarar av ei Stillehavsøy.

Forskarane publiserte denne månaden ein nekrolog over den påståtte øya i tidsskriftet Eos, Transactions American Geophysical Union.

– Vi vart mistenksame då navigasjonskarta brukt på skipet viste ei djupn på 1400 meter i eit område der våre vitskaplege kart og Google Earth viste at det skulle liggje ei stor øy, seier geolog Maria Seton ved University of Sydney til Sydney Morning Herald.

Oppdaga av kvalskute

Sandy Island skal ha blitt «oppdaga» av mannskapet på kvalskuta Velocity i 1876, og vart første gong teikna inn på eit britisk sjøkart i 1908. Men sidan seinare ekspedisjonar ikkje kunne finne øya, vart ho fjerna frå offisielle hydrografiske kart i 1970-åra.

Før ho altså på mystisk vis gjorde sitt inntog på kartet på nytt.

– På ein eller annan måte har denne feilen forplanta seg til World Vector Shoreline Database, som er grunnlag for mange kart, seier Seton.

Ifølgje Seton skal øya så ha dukka opp i ei rekke vitskaplege publikasjonar sidan år 2000.

Men kva kan mannskapet på kvalskuta Velocity ha sett i 1876? For noko må det vel ha vore?

Pimpstein

Seton og hennar kollegaer har ein hypotese. Dei trur at øya som vart oppdaga av sjøfolka på Velocity i verkelegheita kan ha vore ein flytande klump av pimpstein.

Pimpstein er ein svært lett stein med luftbobler som blir danna når vulkansk stein kjølnar raskt slik at gassbobler blir fanga inne i steinen.

Ifølgje dei australske forskarane ligg den påståtte øya Sandy Island langs «motorvegen» for pimpstein som blir produsert av undervassvulkanar. Vind og havstraumar fører så pimpsteinen gjennom området mellom Fiji og Ny-Caledonia på veg til Australia.

I 2012 førte blant anna utbrot i undervassvulkanen Havre Seamount til observasjon av ei flytande øy av pimpstein i det sørlege Stillehavet.

Pimpsteinflåte i Stillehavet

'Øy' av pimpstein i etterkant av utbrot frå undervassvulkanen Havre Seamount. Biletet er tatt frå NASA-satellitten MODIS.

Foto: Jeff Schmaltz MODIS Land Rapid Response Team, NASA GSFC

– Kan enno vere mykje å finne

At heile øyar som er teikna inn på kartet viser seg å ikkje vere der likevel, er nok sjeldan i våre dagar, ifølgje professor i kartografi Terje Midtbø ved NTNU.

Men går vi lenger tilbake i tid, til ein epoke då karta var basert på observasjonar frå reisande, var det slett ikkje uvanleg at kartet stemte svært lite med det fysiske terrenget.

Thule

Ei framstilling av den mytiske øya Thule (Tile), i eit kart av Olaus Magnus i 1539.

Foto: Olaus Magnus, Wikimedia commons

Til dømes var Skandinavia teikna som ei øy med namnet Thule i heile 1500 år, fortel Midtbø. Dette var basert på forteljingar frå den greske geografen Pytheas som reiste så langt nord som til dei britiske øyar i år 300 før vår tid.

Myten om øya Thule var så sterk at kartografen Olaus Magnus over 1800 år seinare tok med ei øy kalla Tile (Thule) på eitt av dei første karta over Skandinavia i år 1539. Øya er plassert i eit område sør-vest for Færøyane der det ikkje er noko reell øy.

– Olaus Magnus hadde sikkert ikkje god nok kunnskap om at dei gamle skildringane av Thule truleg sikta mot Skandinavia, eller deler av Skandinavia, seier Midtbø.

–Slik sett kan øya Tile i dette kartet vere ein slags parallell til Sandy Island, legg han til.

Frå meir moderne tid er det kjent at statar, som til dømes Sovjet, bevisst har lagt inn små feil i karta sine for å forvirre fienden.

Midtbø trur ikkje det er mange landemerke på verdas kart som er teikna inn feil i dag, men derimot kan det enno vere stader på jorda som er lite kjent av verdas kartografar.

– Vi har oppdaga ganske mykje spennande ved hjelp av satellittar og flyfoto i dei siste åra, blant anna er det oppdaga skjulte pyramidar under sanden. Det kan enno vere mykje å finne som vi ikkje veit noko om i dag, seier han.