Hopp til innhold

Mumiar hadde forkalka årer

Funn av åreforkalking hos opptil 5000 år gamle mumiar tyder på at moderne livsstil kanskje ikkje er den einaste årsaka til sjukdommen.

US-HEART-MUMMIES Handout of a Coronal 3D volume rendered CT reconstruction showing carotid artery disease in a mummy of a male Egyptian scribe aged 40-50 years old

CT-skanning av egyptisk mumie i 40-50-årsalderen som lei av åreforkalka blodårer då han døydde.

Foto: HANDOUT / NTB Scanpix

Åreforkalking er den sjukdommen som tar livet av flest menneske i Noreg og i den vestlege verda. Ei vanleg forklaring på den store auka i sjukdommen er stadig meir usunn livsstil med inntak av feit mat, røyking og lite mosjon.

Men no viser det seg at menneske kan ha hatt trøbbel med slike sjukdommar også lenge før frityr og sigarettar var oppfunne.

Eit amerikansk forskarteam utførte CT-skanning av 137 mumifiserte lik frå forhistoriske menneske frå fire ulike verdsdelar. Dei fann åreforkalking hos alle befolkningane dei undersøkte.

Dette får forskarane til å tru at hjartesjukdom kanskje ikkje har moderne opphav, men i staden er eit grunnleggjande trekk ved menneskeleg aldring.

– Vi fann at hjartesjukdom er ein massemordar som har forfølgd menneska i tusenvis av år, fortel Gregory Thomas ved Long Beach Memorial. Thomas er ein av forskarane bak studien som er publisert i det anerkjente tidsskriftet The Lancet.

Steinaldermannen Ötzi

Ismannen Ötzi, europas eldste bevarte mumie, skal også ha hatt forkalka blodårer, ifølgje forskarane bak studien.

Foto: SIMONE CREPALDI / AP

Egyptiske mumiar

Ein tidlegare studie har alt vist at egyptiske mumiar hadde åreforkalka blodårer. Men egyptiske mumiar var som oftast kongelege eller menneske som levde privilegerte liv, og var dermed ikkje nødvendigvis representative for resten av befolkninga.

I denne nye studien gjekk forskarane derfor i gang med å undersøke mumiar frå kulturar som bevarte vanlege menneske, deriblant forhistoriske peruvianarar, den eldgamle amerikanske Pueblo-kulturen, og jeger/sankarar frå øygruppa Aleutene samt også egyptiske mumiar.

Dei mumifiserte menneska har levd under svært ulike klimatilhøve og har hatt svært ulik kost.

Forskarane fann at 34 prosent av alle undersøkte mumiar hadde teikn til eller sikker åreforkalking, med meir forkalking jo eldre mumiane var på dødstidspunktet.

US-HEART-MUMMIES An undated handout photo shows the mummy of Hatiay in a scanner

Biletet viser ein egyptisk mumie som blir undersøkt i ein CT-skannar.

Foto: HANDOUT / NTB Scanpix

– Inntak av ugunstig feitt var rimeleg høgt

– Det er ei svært interessant studie og han antydar at det kanskje er fleire og kanskje til og med andre årsaker til aterosklerose [åreforkalking] enn det vi tradisjonelt trur i dag, seier hjarteforskar og gruppeleiar Ulrik Wisløff ved K.G. Jebsen-senter for hjertetrening ved NTNU.

Wisløff peiker samtidig på at forskarane sine funn av meir åreforkalking di eldre mumiane var då dei døydde, også kan passe med vår tradisjonelle oppfatning av årsaker til sjukdommen:

– Det er vel ganske tenkeleg at dei eldre ein vart di mindre aktive var dei i jaktordninga i samfunnet sitt. Vidare så var det nok fokus på å nytte alle delar av jaktutbyttet til næring og inntaket av ugunstig feitt var nok rimeleg høgt, trur Wisløff.

– Eg er einig med forskarane at vi alle er i risikogruppa for å utvikle aterosklerose men det er liten tvil om at eit sunt kosthald og regelmessig fysisk aktivitet er med på å motverke dette, seier han.