Hopp til innhold

Derfor kan ugla vri hovudet 270 grader

Forskarar har funne løysinga på uglas utrulege hovudvriding.

Portrett av ugle

Ei ugle kan i ekstreme tilfelle snu hovudet 3/4 runde. Utan å oppleve blodpropp av den grunn.

Foto: Maxim Petrichuk / Colourbox

Mens vi menneske må nøye oss med å kunne vri hovudet om lag i 90 grader i kvar retning, kan ugler som den lettaste sak i verda vri hovudet heilt rundt og sjå kva som skjer bak ho.

Ikkje berre det, ugler kan faktisk i enkelte tilfelle snu hovudet heile 270 grader, dvs ¾ gongar rundt.

Forskarar og medisinske illustratørar ved John Hopkins Hospital i USA har no undersøkt korleis desse fuglane kan rotere hovudet utan å øydeleggje dei fine blodårene i nakken og hovudet og utan å kutte av blodtilførselen.

Beskyttande luftlomme

Kvifor uglenes hovudvriding ikkje fører til tusenvis av døde ugler på bakken kvart år, var ei kjelde til undring for John Hopkins-forskar Philippe Gailloud.

– Halsarteriar og virvelarteriar i nakken til dei fleste dyr, inkludert ugler og menneske, er svært skjøre og svært utsette for til og med små rifter i foret på innsida av blodkara, fortel Gailloud.

Forskar Fabian de Kok-Mercado med høvdingugle

Medisinsk illustratør Fabian de Kok-Mercado med ei høvdingugle, ei av artane som er undersøkt i studien.

Foto: John Hopkins Hospital

Brå vridingar i hovud og nakke hos menneske kjent for å kunne rive laus klumpar frå innsida av blodårene og forårsake blodpropp eller slag. følgje John Hopkins-forskarane er slike skadar ikkje uvanlege og kan til dømes skuldast nakkesleng i bilulukker eller feilslåtte kiropratorgrep.

For å finne ut kva som gjer ugler usårlege for slike skadar, undersøkte forskarane beinstrukturen og blodåresystemet i hovudet og nakken til ugler som var døde av naturlege årsaker. Uglene som vart studert var av artane høvdingugler, snøugler og amerikansk hubro.

Forskarane fann blant anna at holrommet i halsvirvlane hos ugler er svært store, slik at blodårene her kan slingre fram og tilbake utan det gjer noko. Det ekstra rommet fungerer som ei slags beskyttande luftlomme rundt arteriane når ugla snur hovudet.

Hos menneske er det ikkje eit slikt holrom, her er arteriane heilt inntil halsvirvlane.

CT-skan av ugle

John Hopkins-forskarane Kok-Mercado and Gailloud undersøker ei ugle med CT-skannar.

Foto: John Hopkins Hospital

Lager av blod

Biolog Petter Bøckmann ved Universitetet i Oslo fortel at auga hos ugler er så store at dei har vakse fast i hovudskallen for ikkje å ramle ut.

Dei manglar difor vår evne til å bevege auget, og for å kunne sjå seg rundt, må dei vri på hovudet.

For å få dette til utan å få skadar, har uglene fleire smarte tilpassingar.

I tillegg til holrommet i halsvirvlane fann forskarane ved John Hopkins også at at ugler har eit slags tverrkanalsystem mellom hjernepulsårer og virvelarteriar som sikrar at det alltid er noko blod som går fram dersom ei blodåre skulle vere avklemt.

Uglene har også blodårer like under kjeven som kan utvidast som ein ballong, noko som gjer at ugla har eit lite lager av blod å gå på.

– Ingenting av dette vil hjelpe på lang sikt, men det er heller ikkje nødvendig, for ugla snur jo berre hovudet ei kort stund. Dette tillet ugla å vri på hovudet utan å svime av, kommenterer Bøckmann.

– Viser kvifor menneske er så sårbare

– Våre studiar viser kva morfologiske tilpassingar som er nødvendig for å tole slike hovudrotasjonar og kvifor menneske er så sårbare for osteopatiske skadar frå kiropraktikk. Store manipuleringar av menneskets hovud er farleg fordi vi manglar mange av eigenskapane som vernar blodårene hos ugler, seier Gailloud.

Forskarane ønskjer no å studere haukens anatomi, for å sjå om andre fugleartar har den same tilpassinga til hovudrotasjon som uglene.