Hopp til innhold

Blåskjel kan hindre utsleppskatastrofar

Ny norsk oppfinning sniffar oljelekkasje tusen gongar betre enn industrielle sensorar.

Blåskjel varslar oljeutslepp

Med sensorar som tar pulsen på blåskjela kan ein få tidleg varsel om lekkasjar av olje og gass.

Foto: Biota Guard

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ein gasslekkasje og påfølgjande blow-out på havbotnen på Macondo-feltet i Mexicogulfen i 2010 tok livet av 11 arbeidarar på Deepwater Horizon-riggen og førte til enorme oljeutslepp.

Stadig fleire olje- og gassinstallasjonar ligg på havbotnen, ofte langt unna menneske. Ei utfordring for slike installasjonar er å kunne fange opp begynnande lekkasjar før dei utviklar seg til ein katastrofe.

Å nytte blåskjel som miljøvarslarar kan vere ei løysing på problemet, om enn ikkje ned til djupner som dei for Deepwater Horizon.

– Blåskjel er opptil tusen gongar meir ømfintlege for hydrokarbonar enn det industrielle sensorar er, fortel dagleg leiar Eirik Sønneland i Biota Guard til NRK.no.

Biota Guard er eit Stavangerfirma som har spesialisert seg på å utvikle blåskjel som ein av fleire sensorar i eit varslingssystem.

Filtrerer 100 liter om dagen

Blåskjel filtrerer opptil 100 liter vatn i døgnet, derfor er det ekstra gode til å oppdage små endringar i vatnet. På same måte som pulsen vår aukar når vi blir ukomfortable eller stressa, aukar hjarteslaga til blåskjelet når noko er gale.

Ved å montere på sensorar som måler hjarterytme og opne-frekvens kan ein fange opp varsel om miljøendringar frå muslingane.

Havets små miljøsensorar reagerer på alle slags miljøendringar, som til dømes kjemikaliar, saltinnhald, temperatur og støy og gir ein indikator på generell helse i eit havområde.

Sjå korleis blåskjela oppdagar lekkasjar i Schrödingers katt:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Blåskjel varslar oljeutslepp

– Spennande

Klima og forurensningsdirektoratet (Klif) synest blåskjel som varslingssystem er spennande.

– Alle moglege system som kan oppdage lekkasjar tidleg er bra, og Klif har meir fokus på dette med stadig fleire undervassanlegg på norsk sokkel, seier sjefingeniør Ann Mari Vik Green i seksjon for petroleumsverksemd i Klif.

Ho peiker på at følsamheita til blåskjelet også kan vere ei utfordring:

– Blåskjela er så følsame for så mange endringar at det kan vere vanskeleg å vite kva dei reagerer på, men dei varslar om at eit eller anna er gale, seier Green.

Erik Sønneland fortel at deira system også baserer seg på andre sensormålingar, og vassprøvar i tillegg til blåskjelas varsling.

– Det er kombinasjonen av sensorar som skal indikere om ein unormal åtferd i biosensorar skuldast eit utslepp eller naturlege variasjonar, seier han.

Også i ferskvatn

Biota Guard ser mange bruksområde for blåskjel og andre biologiske varslarar. Systemet kan også tilpassast andre havområde i verda ved å bruke andre skjel som er heimehøyrande her, til dømes østers.

Dei ser også for seg at ein kan bruke ferskvasskjel for å måle tilstanden til norske vassdrag.


Innslaget blir sendt i Schrödingers katt torsdag kl. 19.45 på NRK1.