Hopp til innhold

Dei som multitasker oftast er dei som er dårlegast til det

– Og impulsive menneske multitasker aller mest.

Kvinne snakker i mobil og kjører bil

Mange snakkar i mobil mens dei køyrer, trass i at dette er ulovleg.

Foto: Erwin Wodicka - wodicka@aon.at / Colourbox

Høyrer du til dei som ofte snakkar i mobilen mens du køyrer bil, og sjekkar nyheiter på mobilen mens du gjer andre ting?

Ifølgje ein ny studie frå University of Utah er det då stor sannsynlegheit for at du også er ganske dårlig til å gjere mange ting på ein gong.

– Det som er urovekkjande er at folk som snakkar i mobilen mens dei køyrer ofte er dei som er minst flinke til å multitaske, seier professor i psykologi David Sanbonmatsu ved University of Utah.

Overdriven tru på eigne evner

Deltakarane i studien var 310 psykologistudentar som gjekk gjennom ei mengde testar og spørjeskjema for å få kartlagt kor gode dei var til å multitaske og kor gode dei sjølv meinte dei var til det.

Sanbonmatsu og kollegaen David Strayer undersøkte også kor ofte dei snakka i mobilen mens dei køyrde, bruk av ei mengde elektroniske medium, samt personlegheitstrekk som impulsivitet og søken etter spenning.

Hovudfunna forskarane gjorde var desse:

  • Personar som er flinkast til å multitaske er ikkje dei som oftast gjer det. I staden er det slik at dei som skårar best på multitasking sjeldan multitaskar, fordi dei er betre til å fokusere på ei oppgåva i gangen.
  • Jo meir folk multitasker, jo dårlegare er dei til det. Forskarar fann også at dei som multitaska ofte hadde overdriven tru på eigne evner. 70 prosent av deltakarane meinte dei var over gjennomsnittet gode til å multitaske, noko som er statistisk umogleg.
  • Impulsive og spenningssøkande personar opplyste at dei oftare multitaska enn dei andre deltakarane. Med eitt unntak; personar som snakka i mobil mens dei køyrde var ikkje så impulsive, noko som tyder på at mobilbruk i bilen er overlagt.
  • Funna tyder også på at dei som oftare multitaskar ikkje gjer dette fordi dei har evna til det, men snarare fordi dei er mindre flinke til å stenge ute forstyrringar og fokusere på ei enkelt oppgåve.
Psykologprofessorar David Sanbonmatsu og David Strayer

Psykologprofessorane David Sanbonmatsu og David Strayer med køyresimulatoren som vart brukt for testane med mobilbruk under køyring.

Foto: David Strayer, University of Utah

– Meir trening i å fokusere

Mens regelen elles i livet er at ein må øve mykje for å bli god på noko, finn forskarane altså at dei som multitasker minst, er dei som er best til det.

Professor i psykologi Annika Melinder ved Universitetet i Oslo

Professor i psykologi, Annika Meldinder ved Universitetet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Professor og forskingsleiar Annika Melinder ved Enhet for kognitiv utviklingspsykologi ved UiO forklarar korleis dette kan henge saman:

– Ein person med betre evne til å hemme impulsar, stenge ute informasjon som er mindre relevant og halde informasjon i korttidshukommelsen, vil få meir trening i å fokusere, og blir derfor betre til dette. Når dei multitasker, kjem denne evnen til nytte og dei løyser oppgåvene meir korrekt, fortel Melinder til NRK.no.

Ein impulsiv person, derimot, blir lettare avleia og får mindre trening i å konsentrere seg. Dette går ut over den totale prestasjonen.

– For mange impulsive personar er det meir freistande å berre sleppe annan aktivitet inn, enn den som eigentleg skulle ha plass. Eg trur det er derfor dei som multitaskar mykje, kjem dårlegare ut, seier ho.

Men uansett kva type du er, vil ikkje Melinder anbefale å sjonglere for mange baller i lufta på ein gong:

– Det er nok ganske klart at det er meir effektivt ikkje å multitaske, du gjer fleire feil og må starte frå begynnelsen.