Hopp til innhold

Kan vere 17 milliardar jord-store planetar i vår galakse

Data frå Keplerteleskopet tyder på at kvar sjette stjerne i Mjølkevegen har planet på storleiken med vår eiga jord.

Planettypar funne av NASAs Keplerteleskop

Illustrasjonen viser ulike planettypar som er funne med NASAs Keplertelesskop.

Foto: C. Pulliam & D. Aguilar, Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics

Observasjonar frå NASAs planetspeidar i rommet, Kepler-teleskopet, tyder på at så mange som 17 % av stjernene i vår galakse kan huse planetar på storleiken med vår eiga jord. Dette fortel BBC.

Sidan det finst rundt 100 milliardar stjerner i vår galakse, betyr det at det kan finnast 17 milliardar små steinplanetar i Mjølkevegen.

Funna vart offentleggjort på det eit møte i the American Astronomical Society i California.

Samtidig rapporterer Kepler-teamet også eit nytt funn av heile 461 nye planetkandidatar som enno gjenstår å bekrefte som verkelege planetar.

Med dette funnet er vi oppe i totalt 2740 planetkandidatar.

Stor auke i planetkandidatar

Keplerteleskopet vart skote opp i rommet i 2009, og har sidan gjort ein formidabel innsats for å finne nye planetar omkring fjerne stjerner.

Teleskopet speidar mot ein fast stad på stjernehimmelen, der det held auge med om lag 150 000 stjerner.

Eit svakt dipp i lyset frå stjernene kan tyde på at ein planet i bane passerer si moderstjerne. Minst tre passeringar framfor stjerna må til for at signalet skal bli rekna for ein potensiell ny planet.

Sidan februar 2012 har talet på kandidatar frå Kepler auka med 20 prosent, og funn av nær jord-store (opptil 1,25 gongar større enn jorda) og Super-jorder (opptil to gongar større enn vår jord) har auka aller mest.

Kepler planetkandidatar etter storleik

Figuren viser planetkandidatar funne med Keplerteleskopet sortert etter storleik. Talet på jordliknande planetkandidater som har ein storleik på om lag 1,25 gongar storleiken av vår eigen jord er no oppe i 351.

Foto: NASA

Simuleringar

Francois Fressin frå Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics som oppdaga dei første jordliknande planetane omkring fjerne stjerner, nytta Keplers liste over potensielle planetar til å finne ut kor mange planetar vi enno ikkje har oppdaga.

Til BBC fortalde Fressin at ein må gjere to korrigeringar. For det første må ein korrigere for planetar som ikkje blir sett med Keplerteleskopet, for kvar planet som blir oppdage er det dusinvis som ikkje blir det.

Den andre korrigeringa ein må gjere er i kandidatlista, der er det somme som ikkje er verkelege planetar som passerer framfor stjerna, men skuldast andre astrofysiske forhold.

Det kan til dømes vere binære stjerner som blokkerer litt av lyset for kvarandre når stjernene passerer framfor kvarandre.

– Vi simulerte alle dei moglege konfigurasjonane vi kunne komme på, og fann at dei berre kunne stå for 9,5 prosent av Keplerplanetar, alle dei andre er ekte planetar, forklarte Fressin.

Resultata frå Fressin og kollegaer tyder på at 17 milliardar stjerner i galaksen vår har planetar med storleikar opptil 1,25 gongar den for vår jord.

Planetkandidatar frå Kepler vist på himmelområdet der dei er funne

Planetkandidatar frå Kepler vist på himmelområdet der dei er funne.

Foto: NASA/Kepler mission

1,5 gongar jordas storleik

Blant planetkandidatane i det siste Kepler-funnet som vart annonsert måndag er det fire planetar som er mindre enn dobbelt så store som jorda, og går i bane omkring moderstjerna i ein avstand der liv kan vere mogleg.

Ein av dei fire, KOI 172.02 er berre 1,5 gongar så stor som jorda, og går i bane omkring ei sol som liknar vår.

Alt tyder på at Kepler vil gi oss bevis på fleire jordliknande planetar i tida som kjem:

– Det viktigaste er statistikken, ikkje å finne ei jord, men å finne 100 jorder, det er det vi vil sjå i åra som kjem med Kepler-ferda, fordi den var designa for å finne mange jorder, seier William Borucki til BBC.