Hopp til innhold

Liv kan vere mogleg på planet omkring nabostjerna Tau Ceti

Astronomar har gjort funn av fem planetar rundt næraste sol-liknande stjerne, som ligg berre 12 lysår unna jorda.

Tau Ceti planetsystem

Astronomar har funne eit planetsystem på fem planetar rundt vår nabostjerne Tau Ceti, der ein ligg i ein avstand frå moderstjerna som kan tillate liv.

Foto: J Pinfield for the RoPACS network at the University of Hertfordshire, 2012.

Astronomar har funne eit planetsystem på fem planetar rundt stjerna Tau Ceti. Stjerna ligg berre 12 lysår unna oss, og er den næraste sol-liknande stjerne i Mjølkevegen. Dette melder BBC.

Tau Ceti planetsystem

Planeten HD10700e ligg i ein avstand frå moderstjerna som kan tillate flytande vatn, noko som er nødvendig for liv slik vi kjenner det.

Foto: J Pinfield for the RoPACS network at the University of Hertfordshire, 2012.

Ein av planetane i Tau Cetis solsystem ser også ut til å vere i den sona omkring stjerna der flytande vatn- og dermed også liv kan eksistere.

Saman med årets funn av planetar omkring vår næraste stjerne Alpha Centauri, har planetjegerar no bekrefta planetsystem rundt to stjerner i vårt nære nabolag.

To til seks gongar jordas masse

Planetane omkring Tau Ceti har massar som er mellom to og seks gongar jordas masse, og dei har omløpstider rundt stjerna på mellom 14 til 640 dagar.

Planeten med namnet HD10700e, ligg om lag halvparten så langt frå moderstjerna som jorda ligg frå vår sol.

Men sidan Tau Ceti er litt mindre og mindre lyssterk enn vår eiga sol, ligg planeten likevel i den sona omkring stjerna der vatn kan eksistere i flytande form.

Samanlikning mellom sola og Tau Ceti.

Biletet viser at Tau Ceti (til høgre) er litt mindre og litt mindre lyssterk enn vår eiga sol (til venstre).

Foto: R. J. Hall, Wikmedia Commons

Fjerna støy i signala

Funnet av den nye planetkvintetten omkring Tau Ceti er gjort ved hjelp av eksisterande planetjeger-data, og funnet er rapportert i ein online artikkel som vil bli publisert i tidsskriftet Astronomy and Astrophysics.

Teamet bak oppdaginga starta med data frå tre planetjakt-prosjekt, Harps, AAPS og HiRes, som alle hadde data på Tau Ceti.

Forskarane brukte teknikkar for å fjerne støy i signala, og oppdaga då planetane som ikkje hadde vore sett tidlegare.

Ei gruppe astronomar frå University of British Columbia i Canada hevdar også å ha sett tre planetar i livssona omkring stjerna Gliese 667C, der forskarar fram til no har funne bekrefta planetar.

Resultata som tyder på at Gliese 667C har i alle fall seks planetar, er rapportert i ein enno upublisert artikkel som vart lagt ut 17. desember.

Gliese 667C er ei av stjerner i eit trippel-stjerne-system som ligg 22 lysår unna jorda, og stjerna er kjent for å huse ein av dei mest jordliknande planetane vi har funne til no, Gliese 667Cc.

Di betre metodar astronomane får, di fleire planetar rundt framande stjerner finn vi. Talet står no i 854 bekrefta planetar, og dette talet stig raskt.