Hopp til innhold

Knipsa bilete av asteroide i det han passerte jorda

NASA-radar følgde asteroiden Toutatis i det han for forbi jorda. – Observasjonane vil gjere oss i stand til å seie korleis asteroidens bane vil vere lenger inn i framtida, seier asteroideekspert.

Asteroiden 4179 Toutatis

Asteroiden 4179 Toutatis er 4,5 km lang og er ein av dei største kjende asteroidane som passerer i nærleiken av jorda.

Foto: Goldstone Radar Images, NASA

I dag, 12 desember, flaug asteroiden 1479 Toutatis forbi jorda.

Asteroiden Toutatis har ei lengd på circa 4,5 kilometer og er ein av dei største kjende asteroidane som kan potensielt vere farlege for jorda (Potentially hazardous asteroids, PHAs).

Men det var ingen sjanse for at den store asteroiden skulle kollidere med jorda, ifølgje Lance Benner ved NASAs Near Earth Object Program, som held nøye auge med asteroidar og meteorar som kan vere på kollisjonskurs med jorda.

Asteroidens næraste passering var denne gong ein avstand på 7 millionar kilometer frå jorda, noko som er 18 gongar lenger unna enn månen. Dette melder NASA.

– Kan sjå detaljar aldri før sett

Asteroiden passerer jorda kvart fjerde år i ei bane som ligg i nesten same plan som vår eigen planet. Dette, saman med storleiken, gjer at objektet er eit viktig mål for studiar med radar.

– Vi veit allereie at Toutatis ikkje vil treffe jorda på mange hundre år, seier Benner. – Desse nye observasjonane vil gjere oss i stand til å seie korleis asteroidens bane vil bli endå lenger inn i framtida.

Eit nytt digitalt biletsystem ved Goldstone Radar kan gjere astronomane i stand til å sjå detaljar på overflata av Toutatis som tidlegare aldri er sett.

– Med å bruke dette nye systemet kan vi no biletleggje asteroidens overflate med 2 til 5 gongar betre oppløysing enn ved tidlegare passeringar, seier han. – Vi kan komme til å sjå noko nytt ved Toutatis.

Goldstone Radar

Goldstone Radar følgjer potensielt farlege jordnære asteroidar.

Foto: Goldstone Radar, NASA

Merkeleg rotasjon

Det er fleire spørsmål omkring Toutatis som forskarane ved Near Earth Object Program gjerne vil finne svaret på.

Og høgt oppe på lista er den merkelege måten Toutatis roterer på.

Asteroiden farer gjennom rommet som ein dårleg kasta fotball, og forskarane ønskjer å finne ut meir om asteroidens rotasjonstilstand, og korleis tyngdekreftene frå sola og jorda verker inn på asteroidens rotasjon.

Sjå Toutatis rotere her:

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

– Kan vere samansett av vrakdelar

Eit anna spørsmål forskarane stiller seg, er korleis asteroiden er samansett.

Radarmålingar tyder på at Toutatis har ein komplisert indre struktur, der tettleiken varierer frå den eine delen av asteroiden til den andre. Forskarane ved Goldstone Radar trur at dette kan bety at Toutatis eigentleg er sett saman av mange mindre steinar.

– Toutatis kan vere oppsamla vrakdelar frå ein kollisjon mellom to asteroidar, seier Michael Busch ved National Radio Astronomy Observatory.

Dei nye observasjonane kan kanskje gi svaret på dette.