Hopp til innhold

Bli med på virtuell reise til djupet

Forskingsfartøyet «Okeanos Explorer» streamar direkte frå forskingsdykk i Mexicogolfen.

Korall "gravid" med små babykorallar - polyppar

Korall gravid med babykorallar. Dette er blant dyra du kan oppleve som lenestolsforskar med Okeanos Explorer.

Foto: NOAA Okeanos Explorer Program

Mens Titanic-regissøren og eventyraren James Cameron nyleg dykka til nær 11000 meters djup i Stillehavet, kan vi andre trøyste oss med å vere lenestols-argonautar på eit virtuelt forskingsdykk.

I mars og april er forskingsfartyet «Okeanos Explorer» på daglege tokt i Mexicogulfen.

Gjennom live streaming frå kamera montert på den fjernstyrte undervassfarkosten «Little Hercules» kan du gjere oppdagingar i djuphavet heilt ned til 2300 meter samtidig med forskarane.

Skipsvrak

Teamet av forskarar frå National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) har fleire mål med det 56 dagar lange toktet. Dei håpar å gjere nye oppdagingar innanfor både marinarkeologi og biologi.

Skipstrafikk heilt tilbake til tida då Amerika var koloni under Spania gjer at det finst ei mengde skipsvrak i Mexicogolfen.

Med hjelp av sonar er heile 600 skipsvrak i havområdet kartlagt, og forskarane på Okeanos Explorer håper å finne tre av vraka og gjere studiar av desse.

I tillegg til at skipsvraka representerer viktige arkeologiske funn i seg sjølv, er forskarane også ivrige etter å studere faunaen som veks på vraka.

Skipsvrak kan gi forskarane ei sjeldan tidsramme for alderen av livsformar og økosystem som veks på dei.

Katthai

Katthai observert av Okeanos Explorer-teamet på eit tokt 22. mars.

Foto: NOAA Okeanos Explorer Program

Nye artar

Mens djupner grunnare enn 1000 meter har blitt undersøkt i løpet av ein periode på 20 år, veit forskaren svært mykje mindre om kva som skjuler seg på dei større djupa i golfen.

Teamet på Okeanos Explorer håpar å gjere oppdagingar av ukjende økosystem og kanskje også nye artar i løpet av toktet.

NOAA-forskarane vil også studere effektane av oljeutsleppet frå Deepwater Horizon på økosystemet i golfen.

Forskarane vil studere djuphavskorallar, svampar og andre botnlevande artar i nærleiken av oljeriggen der heile 4,9 millionar fat olje rann ut i havet over ein periode på 87 dagar i 2010.

Sjølilje og trollhummar

Sjølilje og trollhummar filma med den fjernstyrt undervassfarkosten Little Hercules.

Foto: NOAA Okeanos Explorer Program