Hopp til innhold

Vindskip kan bli framtidas miljøvenlege lasteskip

Norsk gründer vil gjere sjøtransport miljøvenleg med lasteskip som skal fange vind med skroget.

Vindskip™

Vindskip har eit skrog som gjer at det kan utnytte vinden til å kutte energiforbruket. Biletet viser ein illustrasjon av korleis eit fullskala skip kan sjå ut.

Foto: Lade AS

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Eit lasteskip som kan nytte vind som drivkraft på same måte som seglet i eit seglskip kan bli verdas mest miljøvenlege lasteskip.

Det håper i alle fall gründer Terje Lade som står bak ideen om det registrerte varemerket Vindskip.

–Draumen om å segle fort

Segling og fart var utgangspunktet for Terje Lade som har ei fortid som utøvar av speed-segling, ein sport som er ein mellomting mellom å segle og å fly.

– Dette er draumen om å segle fort, hungeren etter fart, som etter kvart gjekk over til å bli ei bekymring for miljøet og for jorda, og då vart Vindskip fødd, seier Lade.

Vindskip byggjer på prinsippa frå ein seglbåt, der båten blir dratt framover ved hjelp av trykkskilnader rundt seglet.

Men i staden for eit segl som skapar eit sug framover, er det sjølve skroget i Vindskip som skal fungere som eit vindsegl, forklarar Terje Lade til NRK.

Med optimal vinkel mot vinden kan vindskipet gå på rein vindkraft. Under mindre optimale forhold blir gass eit supplement til vinden. Derfor er det berekna at skipet kan bruke berre ein tredel av energien i forhold til eit «vanleg» skip.

Mindre energibehov betyr at skipet kan bytte ut tungolje som drivstoff med naturgass.

Skipet skal også legge opp ruta etter der det er best straum- og vindforhold.

Sjå video som viser prinsippet bak Vindskip:

Innslag i Schrödingers katt om Vindskip, eit hybridskip som skal kombinere eit segl-liknande skrog med gassmotor og vere eit berekraftig alternativ i skipsfart.

14 knop – berre på vind

Vindskipet har blitt testa i vindtunnel ved Aeromechanical systems group ved Cranfield University i England.

Testen viste at Vindskip får ei positiv trekkraft i skipets lengderetning, og at skipet i stiv kuling og med optimal kurs kan gjere opptil 14 knop utan anna enn vinden til framdrift. – Og det er fort for ein seglbåt, seier Lade.

For lesarar som ikkje er spesielt sjøvante svarar til 14 knop ein fart på 26 kilometer i timen på land.

–Det er ganske unikt. Då vi såg dette første gong tenkte vi at dette er ein sprø nordmann, seier professor Kevin Knowles ved Aeromechanical Systems group, Cranfield University.

–Men så tenkte vi litt meir på det, og rekna litt meir på det, og då forstod vi at denne gale nordmannen har ein svært smart idé.

– Konservativ bransje

Vindskipet er tenkt å kunne nyttast som bil- og passasjerferje, som cruiseskip, og til frakt av varer som ein vil ha fram raskt, som i transport av fersk laks til kontinentet.

Lade trur også at vindskipet kan fungere som hurtigrute langs norskekysten.

Hurtigruten er oppteke av moglegheiter for å redusere både utslepp og brennstoff-forbruk, men er likevel ikkje klare til å byrje med vindskip langs norskekysten.

–For Hurtigruten er skip lik denne prototypen nokre steg fram i tid. Sjølv om det er mykje vind langs norskekysten har vi ein komplisert rutestruktur som vil gjere det vanskeleg å utnytte kombinasjonen vind og gass. seier pressetalsmann i Hurtigruten, Stein Lillebo, til NRK.no.

–Dette skipet vil nok handtere lengre overfartar med godstransport betre enn opplevingsturisme og lokaltransport, med hyppige kaianløp i små hamner langs norskekysten, trur Lillebo.

Førebels har Lade opplevd stor interesse for konseptet, utan at det finst konkrete planar om å byggje eit skip i full skala enno.

–Dette er ein konservativ bransje der ein gjerne vil sjå ting først, seier Lade.
Eg er ikkje i tvil om at vi skal få dette til, men det vil ta tid. Det å få bygd det første skipet er kneika, seier han.

Sjå heile innslaget om Vindskip i Schrödingers katt i kveld kl. 19.45 på NRK1.