Hopp til innhold

Dette er vår tidlegaste slektning

Kartlegging av genane til sjeldan urmikrobe frå Ås viser at han er vår aller tidlegaste slektning.

Collodictyon

Den vesle mikroben Collodictyon er sannsynlegvis ein milliard år gammal, og er eitt av dei tidlegaste døma på den type celle som vi menneske er bygd opp av.

Foto: UiO/ Yngve Vogt

Alle har kanskje eit søskenbarn på Gjøvik, men stammora vår slekter på ein mikrobe frå Ås.

Genkartleggjing av ein mikrobe frå innsjøen Årungen i Ås viser at skapningen er eitt av dei aller tidlegaste døma på den type celle som vi menneske er bygd opp av, eukaryote celler (sjå faktaboks).

Dette skriv forskingsmagasinet Apollon.

– Heilt åleine

Kamran Shalchian-Tabrizi

Forskar Kamran Shalchian-Tabrizi med livets forgreiningar i bakgrunnen. Collodictyon har fått si eiga grein på treet.

Foto: UiO / Yngve Vogt

– Nye organismar vi oppdagar liknar som regel på det vi kjenner frå før, men denne er heilt åleine. Den skil seg frå alt anna, seier evolusjonsbiolog og genetikar Kamran Shalchian-Tabrizi til NRK.no.

Shalchian-Tabrizi er leiar av Microbial Evolution Research Group (MERG) ved Universitetet i Oslo.

Urmikroben Collodictyon som berre er funne nokre få stader i verda, blant anna i mudderet på botnen av ein innsjø i Ås, passar ikkje inn i nokre av hovudgreinene på livets tre.

Genkartlegginga viser at mikroben verken er sopp, alge, amøbe, plante eller dyr.

Ifølgje Shalchian-Tabrizi kan denne mikroorganismen ha oppstått allereie for éin milliard år sidan, og kan vere den aller eldste gruppa eukaryote vi kjenner.

Dei første svara på genkartleggjinga fekk forskargruppa for tre år sidan.

– Det var svært overraskande at Collodictyon oppstod så tidleg i eukaryotens historie. Samtidig blir ein skeptisk når ein får eit slikt svar. Vi har brukt det meste av tida dei siste åra til å undersøke moglege feilkjelder, men no er vi trygge på at resultata stemmer, fortel evolusjonsbiologen.

Først i år har forskarane publisert resultatet i tidsskriftet Molecular biology and evolution.

– Har utnytta spisskompetanse

Urdyret Collodictyon som berre er synleg i mikroskop, vart oppdaga og skildra første gong i 1865.

Men først med moderne gensekvensering, massiv datakraft, og utnytting av fleire fagmiljø ved Universitetet i Oslo har forskarane fått kunnskap om kor spesiell mikroben faktisk er.

– Hovudgrunnen til at vi har fått det til, er at vi har klart å utnytte spisskompetansen til mange fagmiljø, dei som har klart å dyrke mikroben, dei som har utført statistiske berekningar, og molekylærbiologar, fortel Shalchian-Tabriz.

Professor Dag Klaveness og stipendiat Jon Bråte ved Universitetet i Oslo er dei første i verda som har klart å dyrke opp mikroben i store mengder, noko som har heilt nødvendig for å kunne kartleggje genane til skapningen.

Professor Dag Klaveness med urmikroben Collodictyon

Professor Dag Klaveness har dyrka fram urmikroben.

Foto: UiO/Yngve Vogt

Jaktar på rare organismar

Interessa for den sjeldne urmikroben kjem av at MERG-forskarane er opptekne av å avdekke korleis livet har oppstått og utvikla seg langs ulike greiner, det såkalla livets tre.

Forskargruppa medverkar også på det internasjonale biologiprosjektet Tree of Life.

– Vi har i mange år vore opptekne av å studere organismar som har vore litt mystiske eller som vi ikkje visste kvar ville hamne i livets tre. Vi har derfor vald å gå laus på dei einslege, rare organismane som trengst for å forstå dei hola vi har. Jo meir crazy, jo meir liker vi det, kan du seie, fortel Kamran Shalchian-Tabrizi.

– Slike gamle organismar kan opne opp perspektiv på grunnleggjande prosessar og utviklingsmønster. Dette er eitt av fleire arbeid vi har vore med på som har revidert kunnskapen om livets tre, seier evolusjonsbiologen.

Forskargruppa vil no halde fram med å studere urmikroben.

– Eigenskapar hos Collodictyon vil vere kjempeviktige for å forstå dei tidlegaste endringane hos eukaryotar. Vi vil studere mikroben og samanlikne han med andre gamle grupper. Slik kan vi klare å rekonstruere korleis den aller første eukaryote cella såg ut, seier Shalchian-Tabrizi.

Denne artikkelen vart endra 25.04 kl. 12.20.