Hopp til innhold

Frå smartklokke til Snapchat - slik var teknologiåret 2013

Dette var året då augeblikksdeling via bilete og video verkeleg tok av, og smartklokka kom. Les ekspertanes oppsummering av årets teknologitrendar.

Galaxy Gear

Samsungs smartklokke, Galaxy Gear vart lansert på IFA-messa i Berlin i år.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

2013 var året då til og med statsleiarar vart ferska i å ta «selfie »under gravferda til Mandela. Her er eit tilbakeblikk på teknologitrendane i året som gjekk:

– Biletleg kommunikasjon

Petter Bae Brandtzæg

Petter Bae Brandtzæg.

Foto: Gry Karin Stimo

Petter Bae Brandtzæg forskar på nettbasert kommunikasjon hos Sintef. Han vil trekke fram følgjande trendar i kommunikasjon på nettet i året som har gått.

– Trend nummer ein er at vi ser at unge menneske brukar Facebook på ein heilt annan måte enn tidlegare. Ungdommane er i ferd med å forlate Facebook som ein slag offentleg vise-seg-fram-arena, og har heller private grupper eller nyttar Facebook som ein privat chattekanal, seier Brandtzæg.

Mykje av dette skuldast at Facebook har blitt ein kanal for alle, og at ungdommane også møter besteforeldre, foreldre, tanter og onklar her. Dei flyktar derfor over til andre medium som ikkje er infisert av vaksne, der dei kan leike og eksperimentere mykje meir, fortel Brandtzæg.

Den andre hovudtrenden, ifølgje Sintef-forskaren, er at kommunikasjonen har blitt mykje meir biletleg dette året, noko vi ser gjennom ein enorm vekst i tenester som Snapchat, Instagram og Vine.

Instagram har til dømes vekse med 300.000 brukarar berre i år.

Snapchat CEO Evan Spiegel

Biletdeletenesta Snapchat har hatt stor suksess i 2013, noko som har gitt pengar i kassa for gründer Evan Spiegel.

Foto: Jae C. Hong / NTB Scanpix

– Forklaringa på at deling av augeblikksbilete som forsvinn etter sekund har tatt sånn av, er eit mykje større fokus på personvern, ifølgje Brandtzæg.

Han meiner at overvakingsskandalen med NSA har medverka sterkt til mottrenden mot at alt skal vere ope og tilgjengeleg for alle. I tillegg har mange unge også opplevd å bli overvaka av vaksne, slik at dei nok har brent seg i større grad enn mange vaksne.

Ifølgje Brandtzæg lever ungdom no eit mykje meir diskret og privat kommunikasjonsliv enn dei gjorde for berre 1–2 år tilbake. Og dei skjermar seg i større grad enn det vaksne gjer.

«Big data» og selfie

Brandtzæg trekker også fram Big data som ein viktig trend i 2013.

–Dei siste to åra har det blitt produsert meir data enn i resten av menneskets historie samla. Stadig fleire ser at desse dataa kan brukast til noko, og mange arbeider med løysingar for å samle informasjon på tvers av format og plattformer.

Helle Thorning-Schmidts selfie

Helle Thorning-Schmidt sitt berømte gravferd-selfie.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

Selfie’en er også verdt å nemne, synest Brandtzæg.

Ved eit søk på "selfie" på Instagram nyleg fekk Brandtzæg heile 60 millionar treff.

–Det delte sjølvportrettet er ein enormt svær greie for norsk ungdom, og dette heng saman med at meir og meir kommunikasjon går gjennom bilete. Det er uttrykk for mangt, men først og fremst «her er eg, sånn har eg det»-kommunikasjon.

Men sjølv om trenden går mot visuell kommunikasjon, er det også plass til ting som krev meir enn 10 sekund konsentrasjon:

– Samtidig ser vi også ein parallelltrend der det også er mogleg å kommunisere med lange tekstar på internett også, seier Brandtzæg, og viser til Dagsavisens kronikksatsing Nye meninger, samt NRK Ytring.

Fokus på sikkerheit

Pebble

Smartklokka Pebble under lanseringa på teknologimessa CES i Las Vegas.

Foto: Mary Altaffer / Ap
Eirik Solheim

Erik Solheim i NRK Beta.

Foto: NRKbeta

Teknologiekspertane i NRK Beta følgjer nøye med på kva som røyrer seg på teknologifronten, og vil trekke fram følgjande trendar som har utmerka seg i året som gjekk.

Interesse for større sikkerheit har det også vore på duppedingsar som mobilen i år. I 2013 kom Apple med fingeravtrykksgjenkjenning for mobilen, og andre vil også jobbe med den slags teknologi, trur Erik Solheim i NRK Beta.

Solheim vil også trekke fram Apples Siri. Sjølv om denne tenesta ikkje er ein knallsuksess enno, kjem vi til å få betre og betre stemmeattkjenning og moglegheiter til å navigere ved å snakke til maskinen, trur han.

2013 var også året då smartklokkene vart lansert, klokka med innbygd smarttelefon. Først ute var Pebble, og deretter kom Samsung med smartklokka Galaxy Gear som vart lansert på IFA-messa i Berlin.

NRK Beta er spent på om også Apple vil komme med ei klokke neste år.

Google glas

US-74701683

Google-brillene.

Foto: NTB Scanpix / Afp

Google-brillene fekk mykje omtale i året som gjekk, og er verdt å nemne også i ei årsoppsummering, meiner Solheim.

– I året som kjem vil Google Glass bli tilgjengeleg for vanlege forbrukarar, men den er dyr og langt frå eit produkt som meinigmann kjem til å kjøpe, seier Solheim.

Dette var også året der vi såg stadig meir sportsutstyr med sensorar. Både for å gi den enkelte informasjon om kroppen sin, og informasjon om omgivnadene.

Solheim nemner slalåmbriller med innbygd GPS, kompass og akselerometer der du får informasjon om hastigheit og anna i sjølve brilla.

Det har også komme fleire og betre pulsmålarar, samt målarar for hjarterytme, temperatur og blodtrykk.

Tingas internett

Ein trend i 2013 har også vore stadig fleire forbrukardingsar med tilgang til nett.

Solheim lister opp nokre av alle desse dingsane vi har sett i året som gjekk:

  • Enkeltmodular for smartheimar som kan varsle om til dømes temperatur og inneklima.
  • Små merkelappar med bluetooth som du kan feste til ting for å finne dei igjen.
  • Digital lås på døra som gjer det mogleg å låse opp med mobilen.
  • Varmeapparatet som du kan slå på frå mobilen.
  • Elbilen Tesla som kan tilpasse bilen dynamisk etter vegen fordi han har køyrt på staden før. Bilen kan til dømes heve seg når han køyrer over ein humpete veg han har køyrt tidlegare.

Solheim vil også sette spotlight på lysteknologien:

– LED kjem for fullt og får vesentleg betre kvalitet. Vi går vekk frå flimrande LED med grønskjer som du ikkje kan dimme, og inn kjem fleksible lys som du kan styre med telefonen, seier Solheim.

Om andre ting ved framtida kan sjå mørk ut, ser det altså stadig lysare ut når det gjeld lysteknologi.