Hopp til innhold

Slik har menneske rusa seg gjennom historia

Ein ny arkeologisk studie oppsummerer menneskets forhold til rusmiddel frå førhistorisk tid.

Innhøsting av opium

Opium er ein av dei rusmidla mennesket har brukt gjennom mange tusen år.

Foto: GORAN SIVACKI / Reuters

Ein ny gjennomgang av arkeologisk bevis viser korleis menneske verda over har rusa seg på alt frå alkohol til opium og magiske soppar sidan førhistorisk tid.

– Av og til ser vi ei ubrote linje av bevis for bruk av eit rusmiddel heilt fram til i dag, seier professor Elisa Guerra-Doce ved University of Valladolid i Spania til Huffington Post. Guerra-Doce står bak studien.

Her er lista over når arkeologar først finn bevis på nokre rusmiddel:

  • Alkohol:

Den eldste alkoholdrikken kan daterast tilbake til om lag 7000-6600 år før Kristus. Restar av drikken blei funne i keramikkskår i Jiahu, i Henan-provinsen i Kina. Drikken bestod av ein blanding av ris, honning, gjæra druer eller anna frukt

.

San Pedro-kaktus i Peru.

San Pedro-kaktusen i Peru inneheld blant anna det hallusinogene stoffet meskalin, som er beslekta med LSD.

Foto: MacAllenBrothers, CC
  • Hallusinogen:

Mange soppar inneheld hallusinogene stoff. Tidlegaste arkeologiske bevis på bruk av den hallusinogene San Pedro-kaktusen kan daterast tilbake til 8600 til 5600 før Kristus.

Små steinskulpturar,«mushroom stones», tyder på at hallusinogene soppar har vore brukt i ulike søramerikanske kulturar mellom 500 og 900 år etter Kristus.

  • Opium

Dei tidlegaste fossile restar av opiumplanten i arkeologiske funn er datert tilbake til om lag 5500 år før Kristus

.

Bolivias President Morales

Bolivias president Evo Morales forsvarer retten til å tygge kokablad i 2012. Kokabladtygging går ifølgje arkeologar mange tusen år tilbake i tid.

Foto: HANDOUT / Reuters
  • Koka

Det tidlegaste beviset på at menneske har tygge kokablader går tilbake til Peru i Sør-Amerika for 8000 år sidan.

  • Tobakk

I det nordvestlege Argentina er det funne piper som går tilbake til 2000 år før Kristus, sjølv om det er usikkert om desse har vore brukt til tobakk eller andre hallusinogene plantar. Nikotinfunn i piper er datert tilbake til 300 før Kristus.

Cannabisplante

Kannabisplantar.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP
  • Kannabis:

Bruk av kannabis er kjent frå Kina frå om lag 4000 år før Kristus.

Integrert del av å vere menneske

– Rus har blant anna inngått i rituelle samanhengar. Ei endra bevisstheit har gitt menneske ei kjensle av å komme i kontakt med andre dimensjonar, fortel professor i arkeologi ved Universitetet i Oslo, Christopher Prescott, til NRK.

Frå Noreg kan fleire abstrakte geometriske motiv, i blant anna helleristingar, forklarast med at dei er rissa inn av menneske i rus, eller at dei har gjengitt sine opplevingar mens dei var rusa.

– Rusbruk er ein så integrert del av det å vere menneske, at vi må rekne med at det har vore noko slikt til alle tider.