Hopp til innhold

Slik drep polonium

Å ha polonium inne i kroppen kan samanliknast med å sende ein elefant inn i ein glasbutikk, seier norsk ekspert i kjernekjemi.

Polonium-210 kan ha tatt livet av både Litvinenko og Arafat

Polonium-210 kan ha tatt livet av både eks-spionen Aleksander Litvinenko og Yasser Arafat.

Foto: NTB Scanpix/ montasje NRK

I går vart det kjent at den palestinske leiaren Yasir Arafat kan ha blitt forgifta med det radioaktive stoffet Polonium-210. Dette stoffet tok også livet av Aleksander Litvinenko i 2006.

Ekspertar skal ha målt 18 gongar så høge verdiar som normalt av dette stoffet i liket til Yassir Arafat, som døde i 2004.

– Viss dette skal vere målbart etter 9 år må han ha fått ein ganske høg dose, seier Professor Tor Bjørnstad ved kjemisk institutt, Universitetet i Oslo, til NRK.no.

– Som elefant i glasbutikk

Polonium er eit grunnstoff som finst naturleg, og oppstår når radium blir brote ned i naturen. Poloniumvarianten som det er snakk om her, Polonium-210, har ei halveringstid på 138 dagar, noko som betyr at halvparten av ei mengde av stoffet vil vere borte etter 138 dagar.

Polonium-210 er radioaktiv, noko som betyr at stoffet går i oppløysing (desintegrerer) mens det sender ut alfapartiklar.

Ein alfapartikkel består av to proton og to nøytron. Alfapartiklar har svært kort rekkevidd, og partiklane kan stoppast med eit papir i motsetning til gammastrålar som først lar seg stoppe av tjukke blyplater.

Men inne i kroppen gjer desse partiklane uboteleg skade:

– Viss vi får stoff i oss som sender ut alfapartiklar er det ikkje bra, fordi det gir svært høg energiavsetning på eit lite område. Dette fører til at mange kjemiske sambindingar i kroppen vår blir brotne, fortel Bjørnstad.

Ved låge dosar kan dette føre til kreft seinare i livet, noko som blant anna kan ha vore årsaka til at Marie Curies dotter, Iréne Joliot-Curie utvikla leukemi etter å ha vore utsett for polonium i arbeidet sitt.

Men i tilfella Litvinenko og Arafat er det snakk om akutt strålingsforgifting, ifølgje Bjørnstad.

– Polonium går blant anna gjerne til beinsubstansen og ligg der og strålar på bloddannande vev. Dette bryt ned immunsystemet vårt, fortel Bjørnstad.

– I tillegg fordeler polonium seg til andre organ i kroppen, som milt, nyrer og lever. Den kombinerte effekten av dette kan gi akutt strålesjuke viss dosen er høg nok.

Ein dose på berre 0,089 mikrogram er dødeleg, ifølgje Bjørnstad.

– Å ha ei kjelde som sender ut alfapartiklar inne i kroppen kan samanliknast med å sende ein elefant inn i ein glasbutikk, det øydelegg svært mykje innanfor eit lite område, seier Bjørnstad.

Ikkje kven som helst som har tilgang

Som i Litvinenko sitt tilfelle blir det spekulert i at mektige krefter står bak forgiftinga av Arafat.

–Det er ikkje kven som helst som har tilgang på dette, men eg ser ikkje bort frå at stoffet også kan komme på avvege, seier Bjørnstad.

– Alle som har ein stor behaldning av uran, noko som spesielt gjeld land med mykje kjernekraft, har også tilgang på 210-polonium.

Men også land som har tilgang på partikkelakseleratorar som kan produsere høgenergetiske partiklar med høg intensitet, kan ha tilgangen.

På grunn av strålingseigenskapane er Polonium-210 lett å frakte over grenseovergangar utan å bli avslørt med detektorar.