Hopp til innhold

Sjokkbølgje på 1000 gongar lydhastigheit lyser opp supernova

Forskarar har funne svar på kvifor ein supernova kan lyse opp mange tusen år etter at stjerna er sløkt.

Supernova-levningen Tycho 13000 lysår unna jorda

Ei reversert sjokkbølgje på 1000 gongar lydens hastigheit gir den vakre gløden i den kosmiske ruinen etter supernovaen Tycho.

Foto: Chandra X-ray Observatory Center

Når ei stjerne eksploderer som ein supernova skin ho sterkt i veker og månader før lyset sløkkjer.

Likevel held stoffet som blir sendt ut etter eksplosjonen fram med å sende ut røntgenstrålar i hundrevis og tusenvis av år, noko ein kan sjå som spektakulære supernova-leivningar i teleskop som NASAs Chandra-røntgenobservatorium.

For å finne ut kva som ligg bak den langliva gløden har astronomar studert supernova-leivningen Tycho, eller SN 1572, som ligg 13.000 lysår unna oss i Mjølkevegen.

Forskarane fann at ei reversert sjokkbølgje som fer innover mot stjerna med ein fart på 1000 Mach (1000 gongar lydfarten) varmar materialet i supernova-ruinen og får det til å sende ut røntgenstrålar.

–Utan eit reversert sjokk som får supernova-restane til å lyse, ville vi ikkje kunne studere gamle supernova-leivningar, seier Hiroya Yamaguchi ved Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics (CfA) i ei pressemelding.

Yamaguchi har leia arbeidet på studien som vil bli publisert i Astrophysical Journal.

Lyste like sterkt som Venus

Tycho er det som er att etter eksplosjonen av ein såkalla kvit dverg, ein type Ia supernova.

Astronomen Tycho Brae, maleri av Eduard Ender

Astronomen Tycho Brae observerte supernovaen, som har fått hans namn, i 1572.

Foto: Eduard Ender

Supernovaen var synleg på himmelen i 1572, og er kalla opp etter den danske astronomen Tycho Brahe som observerte den nye stjerna på himmelen.

På sitt sterkaste lyste supernovaen like sterkt som planeten Venus, før den nye stjerna forsvann frå himmelen året etter.

Kosmisk overlydssmell

Under supernova-eksplosjonen vart grunnstoff som silisium og jern slynga ut i rommet med hastigheiter på meir enn 5000 kilometer i sekundet.

Då eksplosjonsmaterialet dundra inn i den omkringliggande interstellare gassen vart det danna ei sjokkbølgje, eit slags kosmisk variant av eit overlydssmell lik det som oppstår når fly bryt lydmuren.

Sjokkbølgja haldt fram med å bevege seg utover med ein fart på om lag 300 gongar lydhastigheiten. Men krasjet førte også til ein kraftig baksmell i form av ei reversert sjokkbølgje som fer innover med ein fart på 1000 Mach.

Denne sjokkbølgja varmar opp gassar inne i ruinen etter supernovaen, og får gassane til å fluorescere i røntgenstrålar.

–Ein har hatt ein mistanke om at denne mekanismen ligg bak, men dette er første gong det er påvist, seier professor Øystein Elgarøy ved institutt for astrofysikk, UiO, til NRK.no.

Det er snakk om ein slags bølgjer som blir slynga tilbake mot materialet frå supernovaeksplosjonen, forklarer han.

Effekten av lydbølgja kan vare så lenge fordi det kan ta tusenar av år før sjokkbølgja dør ut.