19. juli sende den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos (RKA) eit fartøy ut i verdsrommet med fem øgler om bord.
Målet med turen var å teste kva slags effekt låg tyngdekraft hadde på øglene si evne til å utvikle og reprodusere seg.
Det skriv bbc.com.
Fire hoer og éin hann av øgletypen gekkoar vart sende avgarde til å teste dette.
LES OGSÅ: Se kosmonauten kaste en satellitt ut i rommet
Endra bane, men landa trygt
Romfartøyet dei reiste med, Foton-M4, landa i Orenburg sør i Russland 1. september, skriv theguardian.com.
Dessverre kom ingen av gekkoane tilbake i live.
Seint i juli mista RKA kontakt med fartøyet. Dei fekk kontakt med det igjen etter nokre dagar, men på den tida hadde fartøyet endra bane. Det kan ha skjedd noko i løpet av desse dagane som fekk systema som skulle halde gekkoane i live til å svikte.
Russiske ekspertar vil no prøve å finne ut nøyaktig når gekkoane døydde og kvifor.
LES OGSÅ: Snart kan du se postkassen din fra verdensrommet
Dei overlevande
Nokre kom likevel frå det med liv og lemer i behald.
I tillegg til fem øgler var det nemleg fire generasjonar fluger om bord. Dei var av typen Drosophilia som me gjerne kallar banan- eller fruktfluger.
Flugene overlevde ikkje berre reisa i rommet - dei utvikla og formerte seg til og med.
Saman med desse skapningane var òg fleire typar planter og mikroorganismar.
LES OGSÅ: Sånn ser det ut når en klut blir vridd opp i verdensrommet