Satellitten ROSAT - ROSAT blei skoten ut i verdsrommet den 1.juni 1990 og skulle gje forskarar meir informasjon om røntgenstråling i rommet. - Foto: EADS Astrium / Ap

ROSAT blei skoten ut i verdsrommet den 1.juni 1990 og skulle gje forskarar meir informasjon om røntgenstråling i rommet.

Foto: EADS Astrium / Ap

ROSAT har treft jorda - men ingen veit kvar

Satellitten Röntgen (ROSAT) har treft jorda etter å ha styrta inn i atmosfæren natt til søndag.

Den tyske satellitten er på storleik med ein bil og har rast mot jorda med ein fart på 28.000 kilometer i timen.

Natt til søndag, i tidsrommet 03.45 og 04.15 norsk tid, staup ROSAT inn i jordas atmosfære, opplyser det tyske romfartssenteret DLR på sine heimesider.

21 år etter oppskytinga er det dermed sett ein sluttstrek for oppdraget til satellitten, som var å overvaka røntgenstrålinga i verdsrommet

Pål Brekke - Når romfartøy på kollisjonskurs entrar atmosfæren, tek det veldig kort tid før dei treffer jordoverflata, forklarar Pål Brekke ved Norsk Romsenter. - Foto: romsenter.no /

Når romfartøy på kollisjonskurs entrar atmosfæren, tek det veldig kort tid før dei treffer jordoverflata, forklarar Pål Brekke ved Norsk Romsenter.

Foto: romsenter.no
30 vrakdelar kan ha treft jorda

Ifølgje DLR er det førebels ikkje gjort funn av vrakdelar på jorda.

Seniorrådgjevar for romforskingskoordinering ved Norsk Romsenter, Pål Brekke, seier det likevel ikkje er tvil om at ROSAT har krasjlanda.

– Når vraket av eit romfartøy kjem inn i atmosfæren tek det ikkje meir enn nokre timar, kanskje mindre, før det treffer bakken, forklarer Brekke til NRK.no.

Talsmann Andreas Schuetz seier ein må bruka eit par dagar på å henta inn data for å få greie på nøyaktig kva tid og kvar vrakrestane har treft jordoverflata.

Ekspertar reknar med at så mykje som halvparten av satellitten, 1,7 tonn, fordelt på rundt 30 vrakdelar har overlevd ferda frå verdsrommet til jordoverflata utan å brenna opp.

Vitskapsfolk reknar med at ROSAT har treft jorda ein stad mellom Storbritannia og tuppen av Sør-Amerika, mellom 53 grader nordleg og 53 grader sørleg breidde.

Fallende satelitt - Restane av den amerikanske NASA-satellitten UARS krasjlanda i Stillehavet i september i år.Ap

Restane av den amerikanske NASA-satellitten UARS krasjlanda i Stillehavet i september i år.

Foto: Ap
Liten fare for menneske

Årleg fell det delar av gamle satellittar ned på jorda. Statistikken viser at sannsynet for at menneske skal bli skadde av vrakdelar som kjem styrtande ned frå rommet, er svært liten.

I einskilde tilfelle vil det vera mogeleg å sjå satellitten sin siste etappe mot jorda som eit spektakulært stjerneskot på himmelen, fortel Brekke ved Norsk Romsenter.

– ROSAT er det derimot ingen som har sett. Det tyder på at den har falle ned i sjøen eller ein stad der det ikkje bur menneske, seier han.

Det største enkeltfragmentet som har ein sjanse til å overleva den strabasiøse ferda, er truleg den store spegelen i teleskopet, som er laga av eit keramisk, svært varmeresistent materiale.

I september styrta delar av den amerikanske NASA-satellitten UARS i Stillehavet utanfor California i USA. Satellitten vog seks tonn og var på storleik med ein buss. Rundt 500 kilo overlevde returen frå atmosfæren.

Smart eller overvåket

Smart eller overvåket?

De fleste dingsene våre, hjemmene, bilene og byene er alle i ferd med å kobles til internett. Det kalles tingenes internett eller internet of everything. Når alt får smartfunksjoner, blir også alt sporbart. Overvåkingen slik vi kjenner det fra nettet er i ferd med å bli overvåking av alt vi gjør i livet.

Les saken
Hvor brennbar er en bursdag? Eller en laptop i sofaen? Vi tester om gardiner av bomull brenner raskere enn gardiner av polyester og oppdager at den samme madrassen brenner dårligere i England enn i Norge.
Norsk dokumentarserie. Folkeopplysningen ser på fenomenet matallergi og intoleranse. En million nordmenn oppgir at de har matallergi eller er intolerante, men hvorfor tåler vi ikke lenger melk og brød? Programleder Andreas Wahl blir kurert for egne brødtraumer hos en kinesiolog og sender kjernesunne Eva til allergitesting på alternativmarkedet. Sesong 2 (4:6)
Hvorfor tolererer vi ikke offentlig sinne her i landet? Er det så farlig å være litt sint? Abels Tårn. Talk Radio.