Hopp til innhold

Planck med ti gongar betre kart over universet

– Dette er ei gullgruve av informasjon, seier norsk professor.

Kart over kosmisk bakgrunnsstråling frå Planck

Målingar frå Planck-romobservatoriet har gitt det til no beste biletet av bakgrunnstrålinga etter Big Bang.

Foto: ESA and the Planck Collaboration

Den Europeiske romfartsorganisasjonen ESA offentleggjorde i dag resultat som viser det mest detaljerte kartet over bakgrunnsstrålinga etter Big Bang nokosinne.

Kartet er ti gongar betre enn det kosmologane har hatt tilgang til fram til no.

– Dette er ei gullgruve av informasjon som astronomar kjem til å kaste seg over, fortel professor Hans Kristian Kamfjord Eriksen ved Institutt for teoretisk astrofysikk ved UiO til NRK.no.

Fysikarar ved Universitetet i Oslo har arbeidd med Planck i mange år, og resultata deira er blant det som er lagt fram på dagens pressekonferanse.

Ifølgje Kamfjord Eriksen er dette det leiande eksperimentet for astronomar minst ti år fram i tid.

– Dette er barnebiletet av universet etter Big Bang. Det kan hjelpe oss å skildre kva universet inneheld og korleis det har utvikla seg, seier han.

Kosmisk bakgrunnsstråling sett frå Planck og WMAP

Illustrasjonen viser kor mykje meir detaljert det nye Planck-kartet over kosmisk bakgrunnsstråling er, samanlikna med det tidlegare kartet frå NASA-satelitten WMAP.

Foto: ESA and the Planck Collaboration; NASA / WMAP Science Team

Tyder på ny fysikk

For dei norske fysikarane er det mest spennande ved Planck-observasjonane at det ligg antydingar til ny fysikk som ikkje er forklart med standardmodellen,dagens rådande teori for korleis universet fungerer.

UiO-kosmologane gjorde dei første målingane av dette i 2004 med hjelp av dei gamle og mindre følsame data frå NASA-satellitten WMAP. Dei nye målingane stadfester at det ikkje er snakk om målefeil i dei tidlegare data.

Anomaliar i Planck sine målingar av kosmisk bakgrunnsstråling

Figuren viser anomaliar i skilnad mellom standardmodellen for kosmologi og det som er observert av Planck.

Foto: ESA and the Planck Collaboration

Ifølgje Kamfjord Eriksen er det to ting som står fram som anomaliar, eller ting som ikkje passar inn i biletet:

– Tenk deg at det vi gjer er å måle lydbølgjer i det tidlege universet, at vi lagar ein CD av eit tidleg univers. Modellen tilseier at vi skal ha ein pen blanding av bass og diskant, men dette funnet viser at det er for lite av dei djupe tonane. Spørsmålet er; kor er bassen?

Det andre funnet som ikkje passar med dagens fysikkmodell av universet er at det ser ut til å komme meir lyd frå den sørlege halvkula av universet enn får den nordlege. Etter dagens modell bør universet vere likt i alle retningar.

– Vi vil få mer informasjon om anomaliane om eitt år, når vi har studert polarisasjonsdataene også frå Planck, desse har vi knapt sett på så langt, seier UiO-fysikaren.

Til saman tilseier dette at vi enno er langt frå å forstå universet, men Planck-resultata kan føre oss nærare målet med sine detaljerte observasjonar.