Hopp til innhold

Ny studie viser lovande behandling for svangerskapsforgifting

Svenske forskarar meiner dei er på god på veg til å finne ei behandling mot svangerskapsforgifting. Men norsk professor er skeptisk.

Gravid mage

Når mor får svangerskapsforgifting må barnet ofte forløysast med keisersnitt. No kan forskarar vere på sporet av ein medisin mot sjukdommen.

Foto: Frv©dv©ric Cirou / AltoPress / Maxppp

I ein studie har svenske forskarar lukkast i å behandle drektige sauar for svangerskapsforgifting. Forsøket viser at forskarar kan vere på veg til å finne eit botemiddel mot sjukdommen som tar eitt kvinneliv kvart tredje minutt verda over. Dette skriv Svenska Dagbladet.

Svangerskapsforgifting eller preeklampsi er den vanlegaste årsaka til at kvinner dør under svangerskap i Noreg, sjølv om dødsfall er sjeldan. I den tredje verda kjem mange færre til lege i rett tid, tar sjukdommen fleire liv. Det er enno ikkje forstått nøyaktig korleis eller kvifor sjukdommen oppstår.

I studien gjorde forskarane forsøk på 15 drektige sauar som alle hadde utvikla symptom på svangerskapsforgifting, med høgt blodtrykk og skadar på blodkar og nyrer. Av forsøksgruppa fekk halvparten fekk ein dose av eit legemiddel, mens den andre halvparten utgjorde ei kontrollgruppe.

–Hos dei sauane som fekk legemiddelet sokk blodtrykket til normale nivå, og skadane på morkakene og nyrene deira vart leka, fortel Stefan Hansson ved Biomedicinskt centrum i Lund til SvD.

–Lite sannsynleg at står overfor eit gjennombrot

Professor Annetine Staff ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo, er ikkje overbevist om at den svenske studien betyr eit gjennombrot:

–Det er lite sannsynleg at det finst ein einaste årsak til preeklampsi, og det er lite sannsynleg at vi står overfor eit gjennombrot der ein einaste behandling kan kurere all preeklampsi, seier Staff til NRK.no.

–Det viktigaste klinisk er ikkje reduksjon av mors blodtrykk, men at mora og barnet si helse både på kort og lang sikt blir optimalisert. Det er langt fram før vi kan seie om denne oppdaginga vil vere av nytte for mor og barn, men det er flott at det blir gjort slik viktig arbeid som kan bringe oss vidare, seier ho.

–Det står enno att mykje arbeid før vi kan sjå om denne svenske vinklinga er ein veg å gå vidare, seier Staff.

Protein som reinsar blodet

Legemiddelet som vart testa av dei svenske forskarane er alpha-1-mikroglobulin, A1M, eit protein som finst naturleg i kroppen hos både menneske og dyr. Proteinet blir produsert i levra og nyttast av kroppen for å reinse blodet for frie radikalar og giftige nedbrytingsprodukt frå hemoglobin.

I svangerskapsforgifting skil morkaka ut stoff som forgiftar den gravide kvinna og skadar blodkar, nyrer og morkaka hennar. Men kvifor dette skjer er enno ikkje forstått.

Hansson har tidlegare oppdaga at ved svangerskapsforgifting lek fosterhemoglobin frå morkaka og kjem over til mora der det skadar blodkar og nyrer.

–Hemoglobin finst naturleg i blodceller der det medverkar til å binde og frakte oksygen omkring i kroppen. Men dersom stoffet lek ut av blodcellene fungerer det i staden som ei gift som skadar kroppens indre organ, forklarar Hansson.

Vil teste på mus

Neste steg for forskarane etter dei vellukka forsøka på sauar, er å teste ut legemiddelet på mus som har blitt genmodifisert slik at dei kan få svangerskapsforgifting.

–Går også desse forsøka bra, noko forstudien vår tydar på, så kan vi i samarbeid med Läkemedelsverket vere klare for å prøve legemiddelet på kvinner om fem år, seier Hansson.