Hopp til innhold

Nyoppdaga planet kan huse liv

Astronomar har funne femti nye planetar utanfor vårt solsystem. Ein av desse ligg i ei gunstig sone for å huse framande livsformer.

Eksoplanet HD85512b

HD85512 b er ein av dei femti nyoppdaga ekstrasolare planetane. Massen og plasseringa omkring moderstjerna gjer at planeten kan vere beboelig for levande organismar.

Foto: European Southern Observatory, ESO

Astronomar har funne heile femti nye ekstrasolare planetar (sjå faktaboks) som alle har forholdsvis låg masse, og som krinsar omkring stjerner som liknar vår eiga sol.

Dei nye eksoplanetane er funne ved hjelp av La Silla-teleskopet i Chile, og det nye funnet vart nylig presentert på konferansen Extreme Solar Systems II som blir arrangert av American Astronomical Society i Wyoming.

– Spektakulær oppdaging

Seksten av dei nyfunne planetane er såkalla superjorder ("super-Earth”) . Det vil seie at dei har ei masse som er større enn vår eigen jord, men mindre masse enn gassgiganten Jupiter.

Blant planetane er det også fem som har masse som er under fem gongar større enn massen til jorda.

– Det er ganske spektakulært med oppdaginga av heile 50 planetar av denne typen. Fram til for eitt år sidan kjende vi berre til om lag 500 planetar rundt andre stjerner, og dei aller fleste av desse var kjempedigre Jupiter-liknande gassplanetar, seier astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til NRK.no.

– Desse planetane vil vere dei beste måla for framtidige romteleskop når dei skal sjå etter teikn på liv i planetens atmosfære som til dømes oksygen, seier Francesco Pepe frå Geneva University til BBC.

Kan huse liv

Steamy Planet

Planeten HD 85512 b ligg i ei sone omkring moderstjerna som gjer at vatn kan illustrere i flytande form - eit kriterium for jordliknande liv. Illustrasjon av kunstnar.

Foto: Ap

Blant planetane er det også funne ein planet som ligg i sona omkring ei stjerne der tilhøva ligg til rette for å huse liv. Dette er planeten med namnet HD 85512 b.

Planeten er funne i den såkalla «Goldilock»-sona («prinsesse Gullhår»-sona på norsk, journ.anm.) omkring moderstjerna si. I denne sona er det verken for varmt eller for kaldt for at vatn kan eksistere i flytande form, noko som er eit absolutt kriterium for jordliknande liv.

Planeten har ei masse på kring 3,6 gongar massen til jorda, og krinsar omkring stjerna HD 85512, som ligg 35 lysår unna oss i stjerneteiknet Seglet (Vela).

«Å huse liv» betyr imidlertid ikkje at dette er ein planet som kunne huse menneske.

– Vi seier ikkje at planeten kan huse deg og meg. Det er sannsynlegvis svært klamt og lummert der. Berre tenk på den mest fuktige dagen du kan komme på, seier astronom Lisa Kaltenegger til Telegraph. Kaltenegger arbeider ved Max Planck instituttet, og har studert HD 85512.

Liknar Uranus eller Neptun

– Med ei masse på 3,6 gongar Jordas masse, er dette truleg ein planet som liknar litt på varmare versjonar av Uranus eller Neptun i vårt solsystem. Det er truleg ein veldig tett og omfangsrik atmosfære, og det er usikkert om det er ei ordentleg overflate som ein kan lande på, seier Røed Ødegaard om den fjerne eksoplaneten.

– Samansetninga av atmosfæren bestemmer nok mykje om denne planeten verkeleg ligg i ein sone som kan huse liv eller ikkje. Vi har ingen moglegheit for å vurdere om planeten har ein eventuell drivhuseffekt. Og utan drivhuseffekt vil det kanskje vere for kaldt, seier Røed Ødegaard.

Med betre romteleskop vil det kanskje i framtida også bli mogleg å finne ut kva atmosfære desse fjerne eksoplanetane har.