Hopp til innhold

Oppdaga ny grein på det europeiske stamtreet

Ved å samanlikne DNA frå moderne europearar med gamle skjelettfunn veit forskarar no meir om kor me kjem frå. Me er ikkje berre jegerar frå vest og bønder frå aust - me er òg snømenn frå nord.

Svensk skjelettfunn

MIKSAR OG BLANDAR: DNA-prøver frå denne svenske hovudskallen vart samanlikna med DNA frå moderne menneske for i arbeidet med å finne det genetiske opphavet til europearar.

Foto: Fredrik Hallgren

Me har allereie klart å bevise at europearar stammar frå to grupper: jeger-samlarane som fyrst slo seg ned i Europa, og bønder som kom frå aust for 7500 år sidan.

No har forskarar funne ei tredje gruppe me har genane våre frå: eldre nord-eurasiarar.

Det fortel nettstaden phys.org.

Genar frå denne gruppa er funne både i moderne europearar og i folk som reiste over Beringstredet til Amerika for 15 000 år sidan.

– Dette forklarar det genetiske bindeleddet mellom europearar og amerikanske indianarar som me nyleg har oppdaga. Dei har begge genar frå eldre nord-eurasiara, seier David Reich.

David Reich HMS

FORSKAR PÅ GENETIKK: David Reich ved Harvard Medical School er ein av dei som leiter i gamalt og nytt DNA etter likskapar.

Foto: Stephanie Mitchell / Harvard News Office

Han er professor i genetikk ved Harvard Medical School (HMS) i USA, og har gjort denne oppdaginga saman med kollegaer frå Harvard og forskarar frå universitetet i Tübingen i Tyskland.

LES OGSÅ: – Det er jo helt eksepsjonelt

Storinvasjon frå aust

Forskarane samla inn DNA-prøver frå over 2300 personar frå heile verda, og samanlikna dei med DNA frå eldre beinrestar frå Sverige, Luxemburg og Tyskland.

Beinrestane var frå åtte jeger-samlarar som levde for om lag 8000 år sidan før jordbruket kom til Europa, og ein om lag 7000 år gamal bonde.

Dei såg òg på DNA henta frå andre skjelettfunn frå same tidsperiode, blant anna den kjende ismannen Ötzi.

– Når me analyserer DNA-prøvene, ser me at det for om lag 7500 år sidan var ein brå overgang frå to reine grupper til ei blanding av jeger-samlarar og bønder. Det tyder på at det brått kom mange bønder på ein gong frå aust til Europa. Men dei eldre nord-eurasianarane kom nok og blanda seg inn seinare, seier Reich.

LES OGSÅ: Genar knytter Australia med India

– Aldri meir enn 20 prosent

– Dei fleste europearar stammer frå alle dei tre gruppene. Men det er sjølvsagt variasjonar, seier Reich.

Nord-europearar slektar meir på jeger-samlarane og sør-europearar meir på bøndene, fortel han.

DNA frå dei eldre nord-eurasianarane er det det finst minst av, aldri meir enn 20 prosent i eitt menneske, men til gjengjeld finst det i nesten alle europeiske folkegrupper.

LES OGSÅ: DNA-kartlegging avdekker gen-mysterium

(artikkelen held fram under biletet)

svensk skjelettfunn

I Motala i Östergötland, Sverige, har arkeologar jobba i fire år med å grave fram 7-8000 år gamle skjelettrestar.

Foto: Fredrik Hallgren

Skjelettfunn frå gruppe tre

Tidlegare har den tredje gruppa av europeiske forfedrar vore som eit mystisk spøkjelse som berre var synleg som DNA-spor.

Men i år fann forskarane faktiske beinrestar frå to eldre nord-eurasiarar i Sibir. Dermed blir det lettare å undersøkje korleis denne gruppa er i slekt med andre folkegrupper i verda.

Det finst ikkje mange DNA-prøver som er så gamle, og det gjer arbeidet med å kartlegge den genetiske forhistoria vår vanskeleg. Men Reich trur fleire grupper enn desse tre kan ha bidrege til DNA-profilen til moderne europearar. Dei har nemleg funne små spor av ei fjerde gruppe.

LES OGSÅ: Avdekka verdas eldste maritime hamn

Ei fjerde gruppe?

Den fjerde gruppa kallar dei basal-eurasiarar. Bøndene frå aust som blanda seg med dei europeiske jeger-samlarane for 7500 år sidan, stammer frå basal-eurasiarane.

– Me har funne ut at basal-eurasianarar er den fyrste gruppa av ikkje-afrikanarar som gjekk sine eigne vegar. Både aborginarane i Australia, sør-indarar, innfødde amerikanarar og folk frå New-Guinea stammar frå denne gruppa.

LES OGSÅ: Vil bestemme over samiske genar

Genetisk lappeteppe

Neste steg er å finne ut når dei eldre nord-eurasianarane kom til Europa, og DNA frå basal-eurasianarane.

– Me har berre så vidt byrja å kartleggje korleis genane til forfedrane våre hang saman. No håpar me å finne fleire DNA-restar frå eldre tider slik at me kan nøste vidare i den genetiske fortida vår, seier Reich.

Når forskarar skal studere genetikk, går dei ofte ut ifrå moderne menneske frå notida, men det er eit vanskeleg arbeid fordi me i dag har i oss DNA-spor frå så mange ulike folkegrupper, fortel Reich.

– Men viss me klarer å finne fleire gamle DNA-restar, kan me gå tilbake til stader og periodar der viktige demografiske hendingar skjedde. Det er ein fantastisk sjanse til å lære meir om historia til menneska!

Artikkelen til forskingsgruppa om denne oppdaginga er å finne i det vitskaplege tidsskriftet Nature.