Hopp til innhold

No kan du styre droner med hjernen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit quadkopter som blir styrt av hjernebølgjene til piloten vart nyleg presentert ved eit kinesisk universitet. I videoen over presenterer forskarane «Flying Buddy 2» og kva den kan brukast til.

Ein hårbøyle med elektrodar og eit klart hovud er alt som skal til for å fly nyvinningen «Flying Buddy 2» frå forskarar ved Zhejiang Universitetet i Hangzhou.

I motsetnad til vanleg fjernstyring der ein treng ein fjernkontroll og litt fingerferdigheit, blir denne flygande kompisen styrt ved å lese hjernebølgjene til piloten.

Systemet brukar elektroencefalogram (EEG), ein nevrofysiologisk måling og registrering av den elektriske aktiviteten i hjernen.

Kommandoane blir fyrst sendte til ein datamaskin, som så sender dei vidare til flymaskina.

Kan ta bilete

Quadkopteret blir styrt ved at brukaren tenkjer «dytt», som får det til å fly opp, «høgre», som er kommandoen for at det skal fly rett fram, og «venstre» for å svinge.

Kommandoen «venstre hardt» får det til å ta av frå bakken.

Å bite saman tennene og blinke med augo er også kommandoar som EEG kan fange opp. Desse kommandoane får quadkopteret til å falle og ta bilete med det innbygde kameraet.

– Ikkje heilt nytt

– Dette er ikkje eit nytt konsept, det er ikkje overaskande at ein kan styre ting med hjernen, seier Svend Davanger, professor ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo.

– Ein brukar det som heiter «biofeedback», altså at ting i kroppen blir registrert av eit apparat som så er kopla til ein datamaskin. Ein datamaskina registrerer EEG-bølgjene frå eit menneske, og når det skjer endringar i EEG, så skjer det endringar i tingen ein styrer, forklarar han.

Eit menneske kan lære seg å styre intensiteten i bølgjene eller i typen bølgjer, og slik regulere kommandoane han eller ho gir.

Nyttig for funksjonshemma

Slik teknologi kan opne ei heilt ny verd for til dømes funksjonshemma personar.

– Ein kan tenkje seg at uføre vil kunne styre rullestolen sin med hjernen, eller styre ein robot som kan hente ting. Og utviklinga er også komen lenger. Ein har til dømes gjort forsøk på aper der dei har fått elektrodar operert inn i hjernen, som fangar opp signal, som så styrer ein mekanisk arm, seier Davanger.

Også utviklarane bak quadkopteret har gjort seg nokre tankar om kva teknologien kan verte brukt til.

– Kanskje ein dag i framtida kjem funksjonshemma til å kunne sitje i eit fly og styre den med hjernen, og reise kvar enn dei vil, seier dei ifølgje New Scientist.

(Saka held fram)

Flying buddy 2

Ein rullestolbrukar styrer Flying Buddy 2 med hårbøyel og laptop.

Foto: Zhejiang University

Matrix

Menneske har alltid leikt med tanken på kva teknologi kan få til, og det blir spegla i populærkulturen. Davanger nemner «Matrix»- filmane frå tusenårsskiftet som eit døme.

– Matrix-filmane er ein fantasi rundt kva ein kan få til om ein utviklar denne teknologien i stor grad. Der ser me at ikkje berre kan me styre ei datamaskin, men at datamaskina kan sende tilbake til din hjerne og få deg til å oppleve ting, seier Davanger.

Ein kan lure på kva det neste steget i utviklinga kjem til å vere. Kan me til dømes i framtida også lese tankane til folk ved å lese av hjernebølgjene?

– Ein kan ikkje seie hundre prosent sikkert at det er umogleg at ein i framtida kan lese tankane til folk, men i dag er det ikkje noko ein kan tenkje seg. Me kan utvikle metodar for å sjå korleis me brukar hjernen, men ikkje innhaldet, seier Davanger.

Etiske spørsmål

Å gjere det mogleg for funksjonshemma å leike seg med eit quadkopter er ein nyvinning som blir ynskja velkommen.

Men ser ein lenger fram i tid, og kva ein eventuelt kan gjere med slik teknologi, ser ein at det ikkje berre er uproblematisk.

– I framtida kan me møte ein del etiske spørsmål rundt slik teknologi. Å overvake hjerneaktiviteten til folk, eller manipulere den til dømes, kan berre bli gjort med samtykke og løyve, seier Davanger.